Lokal | 04. des. 2019

Berga hund som låg gøymd under ei seng

– Den var bevisstlaus, men kom til hektene etter oksygenbehandling.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. des. 2019 09:46

Bildeserie:

Massiv røykutvikling. (Foto: Midtsiden)
Massiv røykutvikling. (Foto: Midtsiden)
Brannen blei hindra å spreia seg til bustadetasjane. (Foto: Midtsiden)
Brannen blei hindra å spreia seg til bustadetasjane. (Foto: Midtsiden)
Å få garasjeporten opp og båten ut letta arbeidet. (Foto: Jørgen Alfheim, TT-Vest AS)
Å få garasjeporten opp og båten ut letta arbeidet. (Foto: Jørgen Alfheim, TT-Vest AS)
1 av 3
Massiv røykutvikling. (Foto: Midtsiden)
Brannen blei hindra å spreia seg til bustadetasjane. (Foto: Midtsiden)
Å få garasjeporten opp og båten ut letta arbeidet. (Foto: Jørgen Alfheim, TT-Vest AS)

I 10.30-tida tysdag kom det melding om brann i ein bustad på Søvikneset. Det viste seg å vera brann i eit naust som er del av ein 1200 kvadratmeter stor bustad.

Brannen var under kontroll klokka 12.05. Ettersløkking heldt fram utover ettermiddag og kveld, dei siste var tilbake på stasjonen på Moberg i 21-tida.

Sånn opplevde politiet og Os brann- og redningsteneste oppdraget.

Spedbarn, kvinne og hund berga ut

– Brannvesenet var først på staden. Då vi kom fram var vi først opptatt av å ta oss av dei to personane som var i huset då det byrja å brenna i naustet, eit spedbarn og ei oldemor. Dei var hos naboar og blei etterkvart sett til av helsevesenet, fortel innsatsleiar, politioverbetjent Atle Birkeland.

Brannvesenet var raskt på staden og sendte inn røykdykkarar som møtte kvinna og babyen.

– I tillegg var det ein hund i bustaden. Det var noko krevjande å finna den i den røykfylte leilegheita, den hadde tydelegvis blitt skremt og gøymde seg under ei seng, fortel brannsjef Eivind Hovden.

Hunden var bevisstlaus då den blei tatt ut av huset, men kvkna til då den fekk oksygen og skal tysdag kveld ha vore i fin form.

På plass etter 5 minutt: Ingen brann i bustaden

Sjølv om det er over 8 kilometer frå stasjonen på Moberg til adressa på Søvikneset, gjekk det berre fem minutt frå varselet kom til dei første røykdykkarane blei sendt inn.

– Vi var tilfeldigvis på ei befaring i nærleiken. Tid var avgjerande, flammane sto ut av naustet og oppetter kledningen då vi kom fram. At vi var i nærleiken har nok medverka til at brannen ikkje spreidde seg til etasjane med bustadareal, seier Hovden.

I tillegg er det betongdekke mellom naustet og opp til dei seks neste etasjane.

– Vi blei fort tom for vatn på staden, så vi måtte køyra skytteltrafikk 300-400 meter til nærmaste vasskjelde for å fylla tankane.

Os brannvesen hadde 15-16 mann i sving. Dei fekk støtte av eit vaktlag på 5-6 mann frå Fana stasjon, som køyrde feil og utfor med den eine bilen, men fekk mannskap fram og gav viktig støtte.

Båten var ein «propp» - fekk viktig hjelp frå Museet Lysøen

Naustet, som òg har fungert som selskapslokale, inkluderer ein båtgarasje. Garasjeporten var nede, i garasjen låg ein Princess 42 på vatnet.

– Det var langt vanskelegare å sløkka båten enn naustet, båten blei ein propp i systemet. Det var trangt og vanskelege sløkkeforhold for oss, men ved hjelp av arbeidsbåten til KODE fekk vi ut splintane i garasjeporten og etterkvart slept båten ut på sundet, fortel Hovden.

Vatn prella av båten, det måtte skum til for å sløkkja den brennande glasfiberen.

Austevollsbåten Rygervard, som har sløkkeutstyr, var på verkstad. I staden kom Rygerkatt raskt til staden, men denne har ikkje sløkkeutstyr. Her blei Bergen brannvesen sin brannbåt, «Sjøbrand», viktig.

– Då vi fekk båten ut av naustet blei resten av sløkkearbeidet langt enklare.

Uvisst kvar brannen starta

Etasjane over er lufta ut med vifter, og restverdiselskap og forsikring går no gjennom etasjane.

I går var det for varmt i naustet til at krimteknisk kunne starta undersøkingane av staden.

– Det brann i både båten og i naustet, det er for tidleg å seia noko om kvar brannen starta, seier Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.