Bergen Nachspiel Orkester kjem til Luranetunet
Speler gratis julekonsert frå scene på lastebil.
Rune Nilsen frå Underholdning Vest, som i 2015 og 2016 var med å arrangera Dragebåtfestivalen i Os, tar med seg Bergen Nacspiel Orkester på turné for å gleda eldre og sjuke før jul.
– Vi har lyst til å gjera ein innsats for andre, samtidig som det blir gjennomført på ein smittevernvenleg måte. Vi riggar scene i ein lastebil og køyrer til døra.
– I tillegg blir konsertane direktesendte via Facebook-sida til Bergen Nachspiel Orkester, fortel Rune til Midtsiden.
Både dei som ikkje har utsikt mot lastebilen, pårørande og andre interesserte kan sjå konserten gratis.
Søndag 13. desember kan det bli inntil 10 konsertar i Bergen og bergensområdet. I går blei det bestemt at Luranetunet blir éin av konsertstadane, truleg starten på turneen.
- Les òg: Russen spreidde glede på Luranetunet (mai 2020)
– Klart vi måtte til Os!
Orkesteret består av Rune Nilsen, Frank Robert Fauskanger, Tore Risa, Olav Skorpen og Baard Hansen.
– Det er klart vi måtte til Luranetunet når vi har osingen Olav Skorpen med oss!
Bandet gav ut sin eigen låt tidlegare i haust, «Tar Deg Som Du E». Bandet speler låten til dei eldre, men i hovudsak er det julelåtar som står på repertoaret denne dagen.
Håper på spleiselag
Nilsen seier at orkesteret speler gratis, men at dei har ein del utgifter med turneen.
– Vi bruker rundt 35.000 kroner på leige av lastebil, sjåfør og lydteknikarar.
– Derfor har vi lagt ut ein Spleis, i håp om at det ikkje skal bli ein kostnad. Å spela gratis synest vi er kjekt, vi lengtar etter å underhalda på tampen av dette rare året.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.