Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bergensar tatt med promille i Os - osing tatt i 127 km/t i Bergen

To unge menn fekk trøbbel i trafikken. No er begge dømt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

To menn på rundt 20 år er nyleg dømt i Nordhordland tingrett for ulike lovbrot i trafikken.

Han eine er frå Bergen, og blei tatt med promille på Byvegen i 16-tida ein søndag i august.

Blodprøve viste 0,79 i promille. Vedkomande blei tidlegare i sommar tatt med 3 gram marihuana, og for bruk av narkotika.

Han blei dømt til fengsel i 18 dagar, på vilkår, med to år prøvetid. Han blei òg dømt til tap av førarretten i 18 månadar og til å betala 15.000 kroner i bot.

Domfelte tok betenkningstid.

Køyrde for fort i Bergen

Ein ung mann på same alder, frå Os, blei klokka 21.45 ein torsdagskveld i september målt i ein snittfart på 127 km/t på Fritz C. Riebersveg.

Fartsgrensa i området er 80 km/t.

Han blei dømt til fengsel i 18 dagar, på vilkår, med prøvetid på to år.

Han fekk ei bot på 12.500 kroner og tap av førarretten i 6 månadar. Han vedtok dommen.

Fleire saker