Næringsliv | 11. apr. 2015

Bergo blei årets entreprenør på Hawaii

Osingen Alexander Bergo og kona Viil Lid er kåra til årets teknologi-entreprenør. Med nye investorar på plass vil dei no opna kontor også i San Fransisco.

Bergo blei årets entreprenør på Hawaii
Alexander og Viil under prisutdelinga.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. apr. 2015 07:15

Bildeserie:

Jeff Kraatz, Viil Lid og Alexander Bergo.
Jeff Kraatz, Viil Lid og Alexander Bergo.
Korleis samla informasjon og fatta Bergo og Lid sitt selskap, Livesift.com, utvikler verktøy for effektivisering av møter. (skjermdump)
Korleis samla informasjon og fatta Bergo og Lid sitt selskap, Livesift.com, utvikler verktøy for effektivisering av møter. (skjermdump)
1 av 2
Jeff Kraatz, Viil Lid og Alexander Bergo.
Korleis samla informasjon og fatta Bergo og Lid sitt selskap, Livesift.com, utvikler verktøy for effektivisering av møter. (skjermdump)

I juni 2013 blei ekteparet Bergo og Lid tildelt kvar sin doktorgrad, i mars blei dei kåra til årets entreprenør i den amerikanske delstaten Hawaii.

– Vi måtte inn til dei folkevalte for å bli takka. Rett før påske fekk vi også pris av ein senator, fortel Alexander til Midtsiden.

Prisen fekk dei for selskapet dei starta etter at studietida var over, Livesift.com, der dei utviklar og sel programvare som hjelper med effektivisering av møter.

Investorer frå Silicon Valley

Det første produktet frå Livesift er godt mottat nasjonalt og internasjonalt. Rundt juletider, mens foreldra frå Os var på besøk, var Alexander og kona i forhandlingar med investorar.

– Dei første investorane er på plass. No jobbar vi blant anna med lansering av nye produkt i mai og opning av avdeling på fastlandet, i San Francisco.

– Vi kjem nok til å sjå etter ei serie A-investering mot slutten av året. Når det er sagt så er det alltid ein viss sjanse for at ting ikkje fungerer. Men det er jo noko vi kjem til å finna ut av dei neste månadane. Vi satsar og ser, det er i så fall betre å gå på trynet med éin gang enn å dra det ut i det lengste.

Informasjon og avgjerder

Livesift har rundt 12 tilsette i sving og har allereie selt betaversjon av produktet til kundar over heile verda.

– Dette er utan noko særleg marknadsføring. Vi skal lansera businessversjonen i mai, så då kjører vi nok meir på for å bli synleg.

Produktet er eit verktøy som er utvikla for å strukturera møter betre, å samla informasjon og å koma til avgjerder.

– Vi jobbar med å implementera kalender, men vårt hovudfokus har vore prosessen i sjølve møterommet.

– Den neste månaden blir ganske stor for oss med lansering av mykje nytt, fortel dr Alexander Bergo.

Her kan du sjå heimesida til Livesift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.