Lokal | 17. des. 2020

Bernhoft og Pink Floyd-tribute til Oseana

I tillegg til konsertar som måtte avlysast i haust lanserer Oseana nye tilskot til vårprogrammet.

Bernhoft og Pink Floyd-tribute til Oseana
Jarle Bernhoft kjem til Oseana laurdag 20. mars. (Foto: Fred Jonny)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 17. des. 2020 09:09

Trass i periodar med nedstenging har kulturhuset på Mobergsneset klart å gjennomføra fleire konsertar gjennom ei korona-prega tid.

Ved hjelp av internett og strøymetenester nådde Jan Eggum sine konsertar ut til over 1000 publikummarar seint i oktober.

Eirik Søfteland sine tre sommarkonsertar hausta lovord og ståande applaus. Desse konsertane var ein del av Oseana sitt lokalprega sommarprogram.

Prisvinnande artist

Oseana går i desse dagar inn i juleferiemodus, men allereie no ligg det eit variert konsert-tilbod for 2021 klart for dei som er glad i musikk og konsertar.

Ein av desse konsertane er med den prisvinnande gitaristen, låtskrivar og artist Jarle Bernhoft.

Våren 2021 legg han ut på ein omfattande solo turne i heile landet, som strekk seg frå midten av februar og fram til påske.

Bernhoft var tidligare vokalist og låtskrivar i bandet Span frem til gruppa ble oppløyst hausten 2005.

I 2008 starta han si eiga solokarriere, og Bernhoft blei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2011, og vann i tillegg klassen mannlige artist for plata «Solidarity Breaks».

Bernhoft kjem til Os og Oseana laurdag 20. mars 2021.

Nesten Pink Floyd til Os

I dag tidleg vart det kjend at det bergens-baserte Pink Floyd hyllest-bandet, Dark Side Of The Wall, skal spela i Oseana torsdag 25. februar.

Bandet har klart det kunststykket å bli godkjent av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og sidan oppstarten for 20 år sidan har dei spelt for fulle hus.

Dark Side Of The Wall kjem til Oseana med showet «The Nordic Floyd Show».

Vinskvetten, Bondepiker og Eidsvågen

Fleire av konsertane på vårprogrammet er konsertar som vart avlyste i haust, fortel arrangementsansvarleg ved Oseana Kunst & Kultursenter, Berit Steen.

Blant desse finn du våre eigne Tilslørte Bondepiker, med gjestar.

Det syngeglade bondepikene fekk haustens konsert avlyst grunna nedstenging, men no er det nytt forsøk laurdag 10. april.

På programmet står står ein god dose muntre musikalske innslag som strekk seg frå sau og Noregsferie til Melodi Grand Prix og Johann Sebastian Bach. Gjestane er ingen ringare enn det sprudlande toraderorkesteret Frynsegodene og dei bunnsolide musikarane i bandet Veggpryd.

Vinskvetten, som vart starta på ein lokalrevy i Salhus i 1975, har nytt konsertforsøk torsdag 28. januar. Her er det få billattar att, seier Steen.

Blant andre konsertar og arrangement som skal få eit nytt forsøk på nyåret finn du The Real Ones, «Bygdekveld med Jimmy Øvredal», og Bjørn Eidsvåg.

Trur på 200

Steen fortel at kulturhuset, som i den siste tida har operert med ei maksgrense på 50 publikummarar, trur på ein vår med moglegheiter for 200 publikummarar.

– Vi trur, og håpar sjølvsagt på ein vår med dei nasjonale reglane som gjeldande, altså då med ei publikums-begrensing på 200 personar.

Steen kan fortelja at sjølv om programmet allereie er ganske så fullt grunna alle arrangementa som måtte avlysast og flyttast, vil det uansett koma nye tilskot til lista over konsertar og arrangement i Oseana.

– I tillegg til dei siste tilskota som Bernhoft og Dark Side Of The Wall, er det verd å merka seg at 12. mars kjem Finn Tokvam i tospann saman med bandet Twang Gang.

– 8. april blir det irsk aftan med trioen «Tradish», og neste haust blir det Are Kalvø og Riksteatret i forestillinga «Are Kalvø toppar VG-lista», avsluttar ei juleklar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.