I helga gjekk «verdas største skirenn», Skarverennet, av stabelen. Det er i år 40 år sidan rennet, som går 38 kilometer langs Hallingskarvert frå Finse til Ustaoset, blei arrangert for første gong.
Blant nærmare 12.000 deltakarar var det fleire osingar. Den raskaste var motbakkeløpar Klas Færøvik.
– Eg følte eg hadde eit hårete mål då eg satsa på å klara det på to timar. Men det gjekk jo betre enn det, seier Klas, som imponerte med tida 1.46,04.
Raskare enn Johaug og Røthe
Klas har berre gått Skarverennet éin gong før, og betra persen sin med 27 minutt.
Han kom med det på 2. plass i trimklassen og på 19. plass uansett klasse.
Færøvik gjekk i mål berre ti minutt bak vinnaren, Chris Jespersen (1.36,16), rett bak Anders Aukland (1.45,44) og hadde betre tid enn kjente langrennsløparar som Kristen Skjeldal (1.49,13), Sjur Røthe (1.51,49) og vinnar av kvinneklassen, Therese Johaug (1.52,02).
Byrja i fjor
Det var førre vinter at Færøvik børsta støvet av nokre 12 år gamle skøyteski.
– Eg merka fort at skøyting ligg minst like mykje for meg som løping. Eg blei rett og slett hekta og burde nok tatt meg eit kurs. Men eg prøvde å studera teknikk då det var langrenn på TV og testa systematisk dette saman med å halda eit auge med pulsklokka medan eg sto på ski.
– Og sommarhalvåret sto eg ein del på rulleski, det har nok hjelpt meg.
Gjekk i sinne
Før rennet laurdag kjøpte han nye ski, og han fekk hjelp av ein god skismørar før start.
– Men dei blei noko rot då eg skulle få skia tilbake, så eg fekk ei feil ski, som var 5 cm kortare enn mine ski og med spenn for 100 kg pluss.
– Eg blei forbanna, men kanskje var det dette som fekk meg tent nok til å gå fort.
– Likevel var eg aldri i kjellaren, og eg kan gå fortare enn dette neste år.
At han gjekk så tett på dei raskaste i eliteklassen er han stolt over, men også audmjuk til.
– Eg gjekk på betre føre enn dei gjorde, innrømmer han.
– Men på den andre sida så hadde eg ingen rygg å ligga i, snarare tvert imot. Eg måtte staka ut løype og kjøra sikksakk forbi tusenvis av mosjonistar for å halda farten oppe.
Blant andre frå Os som gjekk rennet finn vi desse gode tidene:
Kjell Morten Søvik 2.12,04
Torbjørn Lothe Mehammer 2.21.46 (klassisk)
Andreas Søfteland 2.32,44
Jan Arve Mehammer 2.38.14 (klassisk)
Charlotte «Lotte» Johannessen 2.40,34