Lokal | 17. nov. 2017

Berre Bergen og Fjell veks meir

Folketal • Os er fjerde størst i Hordaland.

Berre Bergen og Fjell veks meir
Vi blir stadig fleire osingar (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 17. nov. 2017 10:34

SSB publiserte i dag tal for folkeveksten i 3. kvartal. Der kjem det fram at vi no er 20529 osingar. Folkeveksten frå andre kvartal er på 59 personar.

Berre Bergen (1061) og Fjell (95) veks meir enn Os det siste kvartalet. Stord, som vi lenge låg og kjempa med om å vera størst har tilsamanlikning blitt 16 færre i same periode.

Fusa har det siste kvartalet hatt ein nedgang på 8 personar og har no 3912 innbyggjarar.

77 fødd

Statistikken syner vidare at 77 nye verdsborgarar busett i Os har sett dagens lys siden sommaren. Også her ligg Os blant dei øvste på lista. Berre i Bergen (856), Askøy (90) og Fjell (88) har fleire lagt seg saman for ni til tolv månader sidan.

Medan 77 har blitt fødd, har 21 personar døydd i same perioden, noko som gir eit fødselsoverskot på 56 personar.

Omlag like mange flyttar

332 personar har flytta til Os frå andre stader, 29 av dei frå utlandet. 329 har forlatt bygda siden sommaren, 18 av dei også landet, noko som gjev ei netto innflytting på 3 personar.

Dette er kommunane i Hordaland (som no tel 522 651 innbyggjarar) med meir enn 10 000 innbyggjarar.

Bergen : 279 914
Askøy: 29 095
Fjell: 25 611
Os: 20 529
Stord: 18 803
Lindås: 15 806
Voss: 14 572
Kvinnherad: 13 242
Bømlo: 11 892

I Norge totalt er vi no 5 290 288 innbyggjarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.