Sport | 06. feb. 2012

- Berre flaut

Os fekk bank i toppoppgjeret mot Fana. - Vi blei altfor feige, seier trenar Erlend Lyssand.

- Berre flaut
Ostrenar Erlend Lyssand måtte sjå at handballdamene hans fekk bank av Fana søndag (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 06. feb. 2012 13:40

Handballdamene til Os var det einaste laget som kunne ta i frå Fana eit suverent meisterskap i damene sin 2. divisjon då dei to laga møttest søndag.

- Vi hang med til 5-4, men før det var gått 8 minutt leia Fana 10-4, fortel Lyssand.

Lyssand fortel om ein kamp kor det etterkvart verka som om spelarane var meir lystne på å kome seg heim enn å spela.

- Vi blir alt for feige i forsvar og lar Fanaspelarane spasere gjennom.

- Framover på banen held vi oss ikkje til planen om å spele lange angrep med avslutning frå kantane. I staden gjer vi dårlege valg og avslutningar, noko som endar med at vi meir eller mindre gjev ballen bort, seier ein oppgitt Lyssand.

Tynn stall

Fana har vore sesongens suverent beste lag og har ein brei og god stall med dobbeldekning på alle plassane. Dei er òg det einaste laget som har slått Os denne sesongen.

- Det er i slike kampar det blir veldig tydeleg at vi har ein for tynn stall og få spelarar å rullera på. Søndag hadde eg berre ni spelarar med meg til Slåtthaughallen.

Dei Lyssand hadde med seg var Eva Kristiansen, Elise Hjelle, Irene Tangerås, Madeleine Hjertnes, Hilde Kristine Røttingen, Tonje Hjertnes, Line Borsholm, Astrid Vabø og Trine Balland.

- Det er ikkje tvil om at Fana er betre enn oss, men dei er ikkje 29 mål betre enn oss.

- No er det berre å ønskje Fana lykke til i kvalifiseringa til 1. divisjon, så får vi konsentrera oss om å ta andreplassen.

Kampen endte 44-15 etter at det sto 25-7 til pause.

Skal reisa seg mot Stord

Allereie laurdag er det ny sjanse for Osdamene når dei tek imot Stord til oppgjer i Oshallen.

- Vi skal la det bli med at Fana er det eineste laget som slår oss i år.

- Eg reknar med at også jentene er klare til å visa seg frå ei betre side på laurdag, avsluttar Ostrenar Erlend Lyssand.

Oppgjeret mot Stord er det første denne sesongen. Deretter venter returoppgjeret borte mot Stord før serieinnspurten mot Bjørnar 2 (borte), Fyllingen (heime) og Kvinnherad (heime).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.