Kultur | 17. juni 2011

Berre timar igjen

Klokka 16 i ettermiddag blir 90 gjestar servert første måltid i Færingen, klokka 18 opnar Oseana, klokka 19 startar festen.

Berre timar igjen
Andris Hamrefredag 17. juni 2011 07:16

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Innspurten har vore lang og krevjande og er framleis ikkje ferdig.

– Klokka 7.30 fredag morgon skal flygelet stemmast på nytt, klokka 8.30 held vi fram med generalprøvar av ulike slag, sa direktør Kim Kristoffersen torsdag kveld.

Kvelden før kvelden var både kor, spelemannslag og ORBO & The Longshots i Oseana for øving og lydprøve.

- Dette skal bli kjempekjekt. Vi gler oss stort, fortalte Orbo før dei gjekk på scena for første lydsjekk.

Og gler seg er det mange som gjer.

På terrassen utanfor møtar vi Ordfører Terje Søviknes og gjengen frå Lissi Tunes som har ein liten pust i bakken før øvinga.

- Eg har aldri vore her før eg, fortel Helge.

- Ikkje, då må du bli med her å sjå, seier Søviknes straks og tek dei med seg lengre ut på terrassen for å ta solcellepanel og utsikt nærare i ettersyn.

Kaos ute - orden inne

– Denne torsdagen har vore vill, med folk og bilar inn og ut av Oseana. Vi måtte dirigera trafikken i periodar, det var utruleg mykje, og mange, som skulle leverast og hentast.

– Men det er kjekt å sjå kor godt alt fungerer, kor flinke folk er, korleis salen og den store scenen fungerer rigga til to store produksjonar parallelt.

24 sete i 20 rader, pluss 10 sete øvst og bakerst, er retta mot scenen før kveldens opningsfest. Men bak scenen står heile riggen til Havfest som har premiere laurdag.

I bygget er det berre småting igjen, litt elektronikk og nokre lister i ein garderobe.

- Det blir mat

Ein av dei som hadde størst grunn til å hasta rundt torsdagskvelden var Christian Stokke Mathisen frå restauranten.

- No går vi og ventar på bestikket og diverse andre ting. Så skal dei pussast og settast på rett plass før vi kan gå i gang med dekking av bord og dei siste førebuingane.

- Vi kjem nok i mål skal du sjå, så mat skal det bli på gjestane, forsikrar restaurantøren.

Korleis blir opninga?

Opningsfesten startar med festmiddag i Oseana-restauranten Færingen for 90 inviterte gjestar klokka 16. Denne er lukka for pressen.

I 18-tida opnar Grieg-utstillinga, klokka 18.30 opnar dørene for dei som har billettar til opningsfesten og klokka 19 startar ein cirka 90 minuttar lang festframsyning i Oseanasalen.

OSEANA DIREKTE: Midtsiden.no er på plass i Oseana frå klokka 18 og publiserer bilde og korte rapportar utover kvelden!

Her kan du sjå programmet til opningsveka, som held fram til og med søndag 26. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.