Politi | 21. nov. 2021

Beslaglagt førarkort, velta traktor og god stemning på byn

Det vart litt å gjere for politiet denne helga.

Beslaglagt førarkort, velta traktor og god stemning på byn
Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 21. nov. 2021 08:30

Trafikkulukka ved AMFI i går føremiddag resulterte i straffesak. Politiet tok beslag i førarkortet til ei kvinne i tjueåra. Ingen alvorlege personskadar, men store materielle skadar på køyretøy.

Ulukka medførte ein del kø i begge retningar på føremiddagen i går.

Velta traktor

På Hagavik i 13.30-tida i går, vart det registrert eit uhell med ei lita gravemaskin.

Politiet og brannvesenet var på staden. Dette vart ikkje ein politisak og den velta traktoren vart registrert som eit uhell.

Mykje folk - god stemning

I natt har nattevakta hatt mykje å gjere, men ikkje noko som har ført til føringar i loggen.

Mykje folk ute, og stort sett god stemning, melder vakthavande frå politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.