Lokal | 27. apr. 2015

Besøkstalet held seg oppe

VIDEO: Sånn var den andre av dei seks klubbkveldane i Ung Lørdag før sommarferien.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2015 08:01

(VIDEO: Sjå stemningsrapport frå andre klubbkveld i Ung Lørdag. Foto/klipp: Thomas André Dahl. Musikk: Alan Walker)

Laurdag 18. april opna den nye ungdomsklubben i Os, Ung Lørdag. Rundt 130 unge gjestar deltok i opningsfesten og arrangørane var i helga spente på kor mange som ville stilla på den første «ordinære» klubbkvelden, som var no i helga.

– Til opningsfesten var det jo litt ekstra både merksemd og underhaldning, og det er ikkje alle som har fått med seg at det blir Ung Lørdag kvar laurdag, ikkje berre av og til, seier Thomas André Dahl frå ungdomsstyret i klubben.

– Likevel hadde vi bra med folk denne laurdagen òg, rundt 70 på det meste. Det er færre enn på opningskvelden, men likevel eit godt tal, synest han.

Sverre og Elias

Laurdag hadde styret fått skøytestjerna Sverre Lunde Pedersen til å stilla til intervju. Intervjuar var sjefssupportar Brynjar Øvstedal.

Det blei også musikalske innslag på open scene, blant anna med Elias Grimstad Salbu.

– Vi vil prøva å ha nokre innslag frå scenen kvar gong. Men det er tydeleg at ungdomen også er nøgd med dei faste tilboda, bordtennis, ballspel, kafé - og rett og slett berre det å vera saman, seier Dahl.

Komande laurdag vil det, etter ønske frå deltakarane i klubben, vera hovudfokus på fotball.

Ung Lørdag er open (i Os barneskule sin gymsal) kvar laurdag fram til og med 6. juni, med unntak av 16. og 23. mai.

For program og meir informasjon, sjå Ung Lørdag si side på facebook.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.