Sport | 29. des. 2010

Best i Hordaland

215 båtar, 19 seglas, HordaCup 2010 er oppsummert og fleire båtar frå Os har gjort det skarpt.

Best i Hordaland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. des. 2010 11:28

HordaCup er summen av 19 seglas i Hordaland, frå Stord til Nordhordland, frå «Neglespretten» i januar til «Nisseseglasen» i desember.

Maksimalt 1/3 av seglasa er teljande, så dei til saman 215 deltakarane kan både stå over eit seglas og stryka eit og anna dårleg resultat og likevel skåra bra med summen av eigen topp 6.

Fleire båtar frå Os har deltatt og hevda seg bra, Hermod Opstvedt med Marlin gjekk heilt til topps i sin klasse. Sjå også resultatlista nedst i artikkelen.

Os Seilforening arrangerer to av dei 19 seglasa, «Sarebanken Vest Huftarøy rundt» og «Askeladden» (Os-mesterskapet). I tillegg inngår serieseglasen «Korsfjord Trimmen», som blir arrangert saman med Milde Båtlag, i HordaCup.

Samleside: Les fleire saker om segling

HordaCup er delt opp i seks klassar:
Lys til og med 1,15, Lys 1.16 til 1.24, Lys 1.25 til 1.30, Lys 1.31 og over, Lys uten spinnaker og doublehanded.

RESULTAT - BÅTAR FRÅ OS

Klasse t.o.m. Lys 1,15 med 65 deltakande båtar:
Nr. 11 ”Akina” Leif Hetleflåt, nr. 19 ”Lady K” Bjørn Eliassen, og nr. 48 ”Godemine” Kåre Perry Solibakke , nr. 50 ”NN Ekspress” Hans Leganger Fjell se to siste med kun en seilas.

Klasse Lys 1.16 til 1.24 med 53 deltakande båtar:
Nr.4 ”Tina for II” Svein Skoglund, nr.8 ”Lisa” Paul Ø. Mehammer, nr.11 ”Ina Kristine” Janet Lepsøy, nr.12 ”Marelle” Sigbjørn Paus, nr.14 ”Piano” Sverre Holm, nr.31 ”Synzugus” Øyvind Hauge,
nr.34 ”Stella” Terje Eltvik og nr.36 ”Brikten” Harald Ingebrigtsen.

Klasse Lys 1.25 til 1.30 med 37 deltakande båtar:
Her kan vi gratulere ”Marlin” og Hermod Opstvedt med Klasse seier!!
Nr.1 ”Marlin” Hermod Opstvedt, nr.13 ”Silje Marie” Magne Lepsøy, ”Piano” som i løpet av sesongen rykket opp i lystall fra 1.23 til 1.25 ble nr. 33 med en 5. pl. i Nisseseilasen.

Klasse Lys 1.31 og over med 23 deltakande båtar:
Nr.19 ” Ilprimo” Tore Lunde (4.pl. Neglespretten) og nr.20 ”Escape” Inge Pettersen ( 4. pl. Askeladden)

Klasse Lys uten spinnaker med 30 deltakande båtar:
Her deltok ”Eskape” Inge Pettersen på SPV Huftarøy Rundt og fikk en fin 2. plass og ble nr. 21 i HC med dette.

Klasse Doublehanded med 29 deltakande båtar:
Nr.5 ”Stella” Terje Eltvik, nr.9 ” Ilprimo” Tore Lunde og nr.11 ”Lady K” Bjørn Eliassen etter en fantastisk klassesiger på Windjammer på Stord i 16 – 17 m/sek vind.

- Vi gratulerer alle romenn og mannskap med resultata i 2010 og ønskjer lykke til med 2011, som startar med Neglespretten på Byfjorden 8. januar, seier Svein Skoglund frå Os Seilforening.

Han inviterer samstundes fleire båtar med i foreininga og på regatta. Også folk utan båt kan få vera med, det er framleis plass til meir mannskap på enkelte av dei allereie aktive båtane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.