Best med hest i Haugesund
Lysefjorden rideklubb med gode resultat på elitestevne.


Bildeserie:
Førre helg deltok fleire ryttarar frå den lokale klubben på «Horse power dressage» i Haugesund.
Jentene frå Lysefjorden tok heim fleire gode resultat:
• Anne Mathilde Reimer Haga fekk laurdag 2.plass med Baya - dette med ein score på 66,709 %. Med hesten Belmondo sikra ho seg ein 3.plass med 66,607 %.
• Søndag sikra Mira Antonsen Hjelle seg førsteplass i LB landsstevne - FK klasse, med hesten Herikos. Sigeren vart sikra med ein score på 65,429%.
• Emilie Fiksdal og Bandit tok heim ein tredjeplass i LB distriksstevne med 63,409 %.
• Anne Mathilde heldt fram premie-innhaustinga søndagen med ein 2.plass med Belmondo (68,293 %), og ein 3.plass med Baya (66,260 %).
Baya og Anne Mathilde deltok på eit elitestevne i Grenland for nokre veker sidan , og då vart det 1.plass på hest og ryttar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.