Kultur | 29. nov. 2018

Beste hausten på 19 år

Vedholmen Galleri held fram med å fremja kunst og kunstnarar.

Beste hausten på 19 år
Vedholmen Galleri og Vibeke Harild kan sjå attende på eit godt 2018. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 29. nov. 2018 13:27

Bildeserie:

Mykje å velja i frå Elisa Helland-Hansen. (Foto: KOG)
Mykje å velja i frå Elisa Helland-Hansen. (Foto: KOG)
Mange reiser frå Bergen og Fana for å handla i Øyane. (Foto:KOG)
Mange reiser frå Bergen og Fana for å handla i Øyane. (Foto:KOG)
Ida C.Helland-Hansen jobbar med bildekomposisjon. (Foto: KOG)
Ida C.Helland-Hansen jobbar med bildekomposisjon. (Foto: KOG)
Jobbar kvar for seg - men stiller ut saman. (Foto: KOG)
Jobbar kvar for seg - men stiller ut saman. (Foto: KOG)
Dette verket vart nyleg kjøpt, og skal kanskje til Kunstindustrimuseet i Bergen. (Foto: KOG)
Dette verket vart nyleg kjøpt, og skal kanskje til Kunstindustrimuseet i Bergen. (Foto: KOG)
Vedholmen Galleri har også eigen butikk. (Foto: KOG)
Vedholmen Galleri har også eigen butikk. (Foto: KOG)
Julegåvetips? (Foto: KOG)
Julegåvetips? (Foto: KOG)
Kreativ gjenbruk. (Foto: KOG)
Kreativ gjenbruk. (Foto: KOG)
Ny utstilling opnar i slutten av januar 2019. Då vert det italiensk. (Foto: KOG)
Ny utstilling opnar i slutten av januar 2019. Då vert det italiensk. (Foto: KOG)
Søstrene Helland-Hansen som stiller ut i desse dagar. (Pressefoto: Vedholmen Galleri)
Søstrene Helland-Hansen som stiller ut i desse dagar. (Pressefoto: Vedholmen Galleri)
1 av 10

Dagleg leiar Vibeke Harild kan sjå attende på eit aktivt år i galleriet som ho eig og driv saman med ektemannen Peter Marron.

9 utstillingar og den beste hausten nokonsinne er fasiten for 2018.

Aukar i 2019

Harild fortel at det er planlagt 10 utstillingar for 2019.

– Vi ser at salet alltid er best i byrjinga av ei utstilling, så ved å korta ned tida ei utstilling står, får vi faktisk plass til ei ekstra i løpet av årshjulet.

– Til neste år kjem vi òg til å lansera ei ny nettside. Å finna nye måtar å nå ut til kundane våre er noko vi heile tida jobbar med, og kombinasjonen sosiale media og ei god nettside er viktig for oss.

Harild fortel vidare at kundane kjem hovudsakleg frå Os og Bergen, og då med hovudvekt på Fana.

– Det er galleria i Bergen vi konkurrerer mot, og då er det kjekt med ei god kundegruppe som tek turen ut til oss.

Juleutstilling og julegåver

I desse dagar er det Ida og Elisa Helland-Hansen som har utstilling i galleriet.

Søskenparet stiller ut tekstil, papir, linocollage og keramikk. Harild fortel om eit søskenpar som jobbar kvar for seg, men som på magisk vis enda opp med samkøyrande fargeval då dei skulle setja opp objekta sine i galleriet.

– Det er verkelig fascinerande korleis dei jobbar saman - utan å ha planlagt noko på førehand!

– Det eine verket til Ida som heng her her, vart nyleg kjøpt av Innkjøpskomiteen for Norsk Kunsthåndverk og skal mulig til KODE i Bergen

Harild fortel at sjølv om det kjøpesentra si høgtid om dagen, kan du finna julegåver i Øyane òg.

– Både i utstillinga til søstrene Helland-Hansen og i galleributikken vår er det fine gåvetips. Vi har mykje å velja i, i alle prisklassar, og mykje er ting du berre finn éin av.

– Du kan verkeleg finna ei spesiell julegåve her.

Meir internasjonalt i framtida

Med 10 planlagte utstillingar i 2019, og eit pågåande samarbeid med 40 ulike kunstnarar går det mot eit travelt jubileumsår for Vedholmen Galleri.

– Planlegg de ei markering av 20-årsjubileumet?

– Vi burde jo det, seier Harild, men noko konkret er enno ikkje planlagt. No jobbar vi med separat-utstillinga til Manuel Portioli, som opnar i slutten av januar.

Portioli er italiensk, busett i Bergen, og to av maleria hans er ein del av Grieg-samlinga i Oseana.

– Vi ønskjer å satsa endå meir på internasjonale kunstarar i framtida, og samstundes kjem vi til å satsa på unge kunstnarar, avluttar Harild.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.