Beste sesong på fem år

Os klatra to plassar etter dagens siger over Sogndal 2.

Roger B. Ekeland skåra i dag òg. Her heime i siste heimekamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. okt. 2021 17:29

Os runda i dag av sesongen med bortekamp mot botnlaget Sogndal 2.

Med 0-3-siger klatra Os frå 8. til 6. plass på tabellen.

– Det var ikkje nokon storkamp av oss, men ei fin avslutting på sesongen, og ei god klatring på tabellen, seier trenar Endre Brenne.

Han fortel om feststemning i bussen på veg heim.

– Yngstemann Sverre Spangelo Haga skåra sitt første for A-laget ved å skru 3-0 i vinkelen etter assist av debutant Petter Hilton (tidlegare Stord) framfor bra med osingar på tribunen på Fosshaugane, noko som gjorde avlsuttinga ekstra kjekk.

Roger B. Ekeland og Niklas L. Fosen skåra dei to første. Toppskårar Ekeland kom med det opp i 11 mål på 13 kampar denne korte koronasesongen.

Sogndal 2 - Os 0-3 (0-0)

Målskårarar, Os: Roger Ekeland, Niklas Lunde Fosen og Sverre Spangelo Haga

Os: Kasper Færøvik - Anders Havsgård, Jonas Hovland, David Trias, Torgeir Lunde - Kristian Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen, Viktor Wikheim - Kristoffer Røttingen og Roger Ekeland.

Innbytarar med speletid: Niklas Fosen, Torkel Hjertnes, Sander Kvittingen, Petter Hilton og Sverre Haga.

Bildeserie:

... etter assist av debutant Petter Hilton. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Trenar Endre Brenne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Niklas Lunde Fosen auka til 2-0. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marius Mikkelsen spelte sin første frå start etter skaden i sommar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sverre Spangelo Haga skåra sitt første for A-laget. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... etter assist av debutant Petter Hilton. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Trenar Endre Brenne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
Trenar Endre Brenne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Niklas Lunde Fosen auka til 2-0. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marius Mikkelsen spelte sin første frå start etter skaden i sommar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sverre Spangelo Haga skåra sitt første for A-laget. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... etter assist av debutant Petter Hilton. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ready slo Sandviken, så Os kunne klatra forbi rivalen frå siste heimekamp og to plassar opp på tabellen.

6. plass er Os si beste plassering sidan 4. plassane i 2016 og 2015.

Os sine plasseringar dei siste åra:
2006: 1. plass og opprykk til 2. divisjon
2007: 7. plass i 2. div
2008: nedrykk frå 2. div
2009: 1. plass og opprykk til 2. div
2010: Nedrykk frå 2. divisjon
2011: 7. plass i 3. div
2012: 4. plass i 3. div
2013: 7. plass i 3. div
2014: 6.plass i 3. div
2015: 4. plass i 3. div
2016: 4. plass i 3. div
2017: 11. plass og nedrykk (Norsk Tipping)
2018: 1. plass i 4. div
2019: 11. plass i 3. div (Norsk Tipping)
2020: Ingen serie (korona)
2021: 6. plass i 3. div (Norsk Tipping)

Andre resultat frå siste serierunde:
Brann 2 - Stord 4-1 (Myrlid matchvinnar, Brann 2 berga plassen)
Fana - Fjøra 3-0 (Fana landa på 2. plass)
Lyn - Fyllingsdalen 5-1
Lysekloster - Bjarg 4-0 (Lysekloster berga plassen)
Sandviken - Ready 1-3
Årdal - Frigg 0-2 (Frigg berga 1. plass og opprykk)

  • Sjå tabell på fotball.no (i skrivande stund ikkje oppdatert med alle resultat)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.