Besteforeldre i aksjon
– Vi har plass til fleire, seier Gro Fjeldtvedt, ein av fleire osingar som reiser til Bergen på månadlege aksjonar for å få opp tempoet og kvaliteten i norsk klimapolitikk.
Laurdag 7. januar hadde "Besteforeldrenes klimaaksjon i Bergen og Hordaland" si fjerde markering i Bergen sentrum. Éin gang i månaden samlar engasjerte besteforeldre seg på Torgalmenningen for å gje informasjon om, og uttrykka si bekymring, for norsk klimapolitikk.
– Ekspertane er samde om at det går for seint, det hastar med å gjera store grep. Samstundes somlar politikarane, det skjer for lite, meiner Gro Fjeldtvedt.
– Vi er mange besteforeldre som er engasjert i denne internasjonale kampanjen, men det er også plass til folk i andre aldrar.
«Eg veit kva de snakkar om, for eg og pappa deler bil med andre.»
Sara-Johanne Sabri-Reme, 6 år
Besteforeldrenes klimaaksjon består av besteforeldre med ulik bakgrunn, politisk ståstad og erfaring.
– Vi besteforeldre har eit stort ansvar for barnebarna våre. Vi er urolege for framtida og ser at politikarane ikkje tar dette problemet på alvor. Derfor har vi eit moralsk ansvar for å reagera, seier aksjonistane frå Os og Fusa.
– Det er lokalkontor rundtom i landet og vi vil gjerne ha fleire med, inviterer ho.
Meir informasjon om kampanjen finn på besteforeldre.framtiden.no