Lokal | 21. mars 2012

- Bestill passet no

Politiet handsama 2395 søknadar om pass i 2011. - Etter påsken kjem pågangen til å auke, så bestill gjerne no, seier Åsta Løberg Bakke.

- Bestill passet no
Seksjonssjef for den sivile avdelinga på lensmannskontoret Åsta Løberg Bakke oppmodar folk om å bestille pass i god tid før dei skal ut å reise (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. mars 2012 14:38

Politiet la onsdag fram statistikk over kva dei har jobba med i løpet av 2011. På den sivile delen av lensmannskontoret er handsaming av nye pass den oppgåven som toppar statistikken med heile 2395 nye pass gjennom året.

- Det ligg ganske stabilt i området mellom 2000 og 2500 kvart år, fortel seksjonsleiar Åsta Løberg Bakke.

- Eg vil nytta høve til å oppfordra folk til å vera tidleg ute med å bestille. Etter påske og framover mot sommarferien vil det berre bli lengre og lengre ventetid. Både her på kontoret og å få passet tilsendt i posten.

- Er det trygt å få passet tilsendt?

- Ja, det er ingen grunn til å uroe seg, forsikrar Bakke.

Ein kan òg be om at passe blir sendt til lensmannskontoret slik at ein hentar det der. Løberg fortel at det ikkje berre er osingane som kjem til lensmannskontoret for å tinga nytt pass, men og innbyggjerar frå andre delar av Hordaland.

Kan ta inntil 10 arbeidsdagar

Politiet har ei garantitid på at utsteding av nytt pass ikkje skal ta meir enn 10 arbeidsdagar frå bestilling til levering. Det betyr at om ein bestiller ein av dei siste dagane før påske kan det ta nær tre veker før du har passet grunna fridagane i samband med påska.

- Nett no tek det ikkje meir enn eit par dagar, men dette kjem erfaringsmessig til å auke utover våren.

- Derfor kan det vera greit å gjera unna bestillinga alt no. Passet må ikkje ha gått ut på dato for at ein skal kunne bestilla nytt, forklarar seksjonssjefen.

Ta med legitimasjon

Skal du bestilla nytt pass til deg sjølv må du ha med det gamle passet, eventuelt anna legitimasjon og pengar/kort for å betala dei 450 kronene passet kostar.

- Prisen er den same for ungdom frå 16-18 år, medan mindre ungdommar og born betalar 270 kroner.

- Når det gjeld born og ungdommar må foreldra samtykkje i at dei får pass.

- Må båe foreldra vera med når ein bestiller?

- Nei, det held at ein av dei er med, men då må ein ha med fullmakt frå den andre føresette. Alternativt kan denne komma innom seinare og signere papira.

- Ein må òg hugse å ha med legitimasjon for ungane. Dette kan anten vera det gamle passet, fødselsattest eller dåpsattest.

Kravet til at båe foreldra må godkjenne passøknaden gjeld til ein fyller 18 år og blir myndig.

Born under 5 år - ta med bilete

Seksjonssjefen forklarar at framgangsmåten for dei minste borna er litt forskjelleg avhengig av kor gamle ungane er.

- Er dei under 5 år må ein ta med bilete sjølv.

- Då vil eg tilrå at ein går til fotograf som veit korleis bileta skal takast og kva som skal vera med.

- For dei som er eldre enn 5 år tek vi bilete på passautomaten her på lensmannskontoret, forklarar Åsta Løberg Bakke som samstundes minnar om at lensmannskontoret har langope på torsdagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.