Kultur | 07. mai 2009

Bestiller telt

Vêrmeldingane til deLillos-konserten er betre, men framleis ikkje gode nok. No har arrangørane bestilt telt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mai 2009 12:23

I dag startar delar av Vårsleppet, med tivoli på grusbanen ved ungdomsskulen. Laurdag held Vårsleppet fram med utstillingar, aktivitetar og utandørskonsert med deLillos og Turbostipend i Os sentrum.

Langtidsvarselet fekk arrangørane til å jubla før førre helg, men allereie måndag slokna den gode stemninga. "Kraftig regn" har yr.no meldt, men i løpet av dagen i dag har det gått over til delvis skya og nokre byger.

- Vi tar likevel ikkje sjansen på at utandørskonserten skal bli for våt, derfor har vi no bestilt telt, seier Espen Risti.

Torsdag var det for tett på konserten til å flytta konserten inn i stortelt, derfor har arrangørane bestilt fire telt som skal stå på området.

- Då får vi plass til rundt 800 under tak, om det skulle koma nokre tunge byger. Området framme ved scenen blir framleis ope.

- Kva med Opus og uterestauranten?

- Opus held ope, men under konserten er det berre dei med konsertbillett som kjem inn.

- I tillegg har vi eit VIP-område framme ved scenen, med brennevinsløyve. Her sel vi billettar til bedrifter, og det er framleis nokre billettar igjen.

Her er vêrmelding for Osøyro

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.