Bestilte iPhone - fekk ein stein!

Politiet har fått melding om tjuveri av to syklar, eitt stillas - og svindel via Finn.no.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2016 09:31

Han fekk seg ei robust overrasking, osingen som hadde bestilt seg ein brukt mobiltelefon via ein annonse på Finn.no.

– Pakken kom i oppkrav og han betalte for å få ut pakken, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

I pakken låg ingen telefon, men ein stein.

– Det blei ein dyr stein, prisen var 5000 kroner, fortel politiet, som no vil følgja opp saka.

Stal stillas i Strøno

Eit Jamax stillas, ein huspakke verdt rundt 25.000 kroner, er stole frå Strøno.

– Stillaset skal ha lagt ved eit naust i Sørstrøno, fortel politiet, som er interesserte i tips.

To stolne syklar i Os sentrum

Dei siste dagane har det kome inn melding om to stolne syklar, den eine frå området ved Os barneskule, den andre frå Os Sjøfront.

Den eine sykkelen er ein svart og kvit GT med litt raudt i, den andre er ein grå DBS Logic.

Bergingsbil meldt stolen

Onsdag morgon blei ein bergingsbil meldt stolen. Eigar hadde ringt alle tilsette, men ingen hadde tatt den med seg heim.

Men så kom ein av dei på at dei hadde flytta bilen i går, og ikkje sett den på plass igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.