Lokal | 23. aug. 2011

Besto stikkprøven

Båtvante søftelendingar (ja, dei finnest) koste seg på oselvardag for niandeklassingar i dag.

Besto stikkprøven
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. aug. 2011 20:06

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Denne veka og neste veke er det tett program i og rundt Oselvarnaustet. For 12 år på rad skal alle niandeklassingane i kommunen innom oselvarmiljøet for å bli kjent med båtliv generelt og nasjonalbåten spesielt.

– Dette var kjempegøy, lærerikt og interessant, synest Sander Aasen og Preben Eidsvik.

Medan den eine delen av klasse 9 b ved Søfteland skule var på fjorden og testa oselvarar med årer og segl var Sander og Preben blant dei som var inne og fekk teoretisk undervising.

– Eg har båt sjølv, så desse knutane kan eg, sa Preben. Men han merka kanskje at litt repitisjon var godt etter ein litt kald og kort sommar.

– Bestefar har båt, men når eg er med han så er det han som plar fortøya båten. Neste gong skal eg ta tauet og visa han, sa Sander.

– Dette er veldig kjekt. Vi starta i går, då var ikkje vêret like bra, og held fram ut denne veka og neste. Det er 10 klassar så skal innom, så då må vi dela det litt opp, forklarte Hallgeir Bjørnevik.

Medan Svein Larsen var inne og tok teorien var Hallgeir på brygga og passa på ungdomen som var i båt.

Les òg:
Elevar i nasjonalbåt
(9. klasse, Nore Neset 2010, med bildeserie og video)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.