Lokal | 21. feb. 2020

Betaler unge jenter for å bli «adda» på Snap

Ber foreldre følgja med på innkomande Vipps, sjølv om beløpa er små.

Betaler unge jenter for å bli «adda» på Snap
Anne Lyssand (t.v.), her engasjert saman med Sonja Lund i SARA (Spousal Assault Risk Assessment) i 2016. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. feb. 2020 08:36

Snapchat er mykje brukt til kommunikasjon mellom unge vaksne og ungdom, og politiet registrerer at denne plattforma i aukande grad, og med nye metodar, blir brukt til uærleg og ulovleg verksemd.

– Det vi har byrja å sjå ulike stadar i distriktet, også her i Os, er at unge jenter får betaling for å «adda» (lagt til som kontakt) menn på Snap. Mennene er i nokre tilfelle eldre enn dei først gir seg ut for å vera, og får tett kommunikasjon, og i nokre tilfelle også fysiske møte med jentene.

Første kontakt oppstår gjerne på appen Yubo, ein app der framande kan sjå chat og video i andre sine venegrupper. Les meir om Yubo på barnevakten.no.

Sender småbeløp via Vipps

Betaling skjer gjerne via Vipps. Har ikkje vedkomande Vipps, blir pengane sendt til ei venninne.

– Beløpa kan vera små i starten, 40-50 kroner for å bli adda, og så kan det koma større beløp seinare.

– Vi ber foreldre om å halda fram med å følgja med på telefonane til ungane deira, og kvar eventuelle innskot kjem frå. Det er ikkje sikkert at du skal slå deg til ro med ei forklaring om at dei har spleisa på ein pizza, sjå ut frå mobilnummeret kven det er som har sendt pengane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.