Lokal | 23. okt. 2012

Betalte ikkje bøtene

Utlending avskilta etter fleire fotoboks-bøter.Mann mangla nøkkel, blei sett i fyllearresten.

Betalte ikkje bøtene
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamretysdag 23. okt. 2012 09:28

Politiet har det siste døgnet hatt fleire sakar knytt til trafikken.

- I går avskilta vi ein utenlandsk registrert bil i eit nabolag nær Os sentrum.

- Bilen har blitt tatt fleire gongar i automatisk trafikk-kontrollar (fotoboksar, journ.mrk) og ikkje gjort opp for seg. Dette gav grunnlaget for å ta skilta på bilen, forklarar politioverbetjent Terje Sperrevik.

Alt i orden

På dagtid måndag kontrollerte patrulja 66 bilar på Ulvenvegen.

- Alle hadde alt i orden.

- Det hadde òg ein bil som dreiv å køyrde på stikkvegane i Hagavik-området. Då vi kontrollerte denne viste det seg at det var folk i arbeid som sto for køyringa, fortel Sperrevik.

Politiet hjelpte også til med trafikkavviklinga i samband med ein brei transport.

Full utan nøklar

Natt til tysdag trefte patruljen på ein kar på Kuven/Holt.

- Han var så full at han ikkje var i stand til å gjera greie for seg.

- Sidan han også mangla nøklar til heimen sin tok patruljen han med seg til legevakten for ein kontroll, før han blei satt i drukkenskapsarresten, avsluttar politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.