Leif Erik Garvik, Andrea Biacillo og Arve Frostad på dugnad laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Betrar sykkelforholda ved Ulvenvatnet

CK Henie gruslegger fleire hundre meter med sti fram til MTB-løypa.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sykkelklubben i Os har dei siste åra vore aktive også utanfor asfalten.

– Forsvaret har vore veldig greie med oss, og dei siste 5-6 åra har vi hatt ei 1,7 km lang MTB-løype (mountain biking) i øvingsområdet deira, fortel Leif Erik Garvik.

Løypa ligg mellom Ulvenvatnet, flystripa på Vaksinen og Liafjellet. For å få betre tilkomst til denne bruker klubben no 30.000 kroner og mange dugnadstimar.

– Vi ønskjer å unngå å vera så tett på flystripa når vi skal til og frå løypa, når aktiviteten i Os Aeroklubb er høg kan det, særleg for våre yngre medlemmar, vera tryggast å ta ein annan veg forbi. No har vi heldigvis fått lov til å gruslegga delar av stien som går frå Ulvensletta til Moberg, seier formann i CK Henie, Edvard Ramsvik.

Rundt 200 meter med pukk og grus

Ved sidan av eigne midlar har sykkelklubben fått sponsormidlar, gode rabattar ved varekjøp og lån av maskiner og utstyr. Dei har også krefter utanfor klubben som stiller opp.

Ein av dei er italienske Andrea Biacillo, som bur i Åsane.

– Eg blei kjend med Andrea på eit MTB-løp i Bergen. På ei nettside for oss som driv med MTB, i ein chat mellom meg og ein annan, snappa han opp at vi skulle jobba dugnad i helga, og kasta seg med, fortel Garvik.

Arve Frostad, som jobbar på Vartun, er medlem i sykkelklubben og del av dugnadsgjengen. Han har med seg John Larsen, som er glad i både sykling og fysisk arbeid.

I første omgang er det cirka 200 meter av stien, frå gangvegen langs Ulvensletta til plassen der MTB-rundløypa sluttar, som får grus og betre drenering.

Morosam og trygg aktivitet

Å sykla i terrenget har i periodar vore ekstra bra for rekrutteringa i klubben.

– Vi har både vaksne og unge osingar som liker godt å sykla i terrenget. For nye syklistar er det ekstra greit å trena i terrenget, både fordi det er gøy og fordi det er greit å vera vekke frå trafikken, seier Ramsvik.

CK Henie har både Os Rundt (1. mai) og eitt MTB-løp som fast, årleg arrangement.

No håper klubben at betra forhold for MTB kan vera positivt også for rekrutteringa.

– Det kan òg koma fleire forbetringar på stiane i området, og på rundløypa vi allereie har. Men det skal ikkje bli FOR fint heller, vi skal jo føla at vi syklar i terreng.

• Midtsiden samleside: Sykling

Fleire saker