Lokal | 10. juni 2016

Bevar Fjellheim fekk ikkje klagerett

Fleirtalet i plan- og bygningsutvalet avviste at «Bevar Fjellheim» har klagerett på reguleringsplanen Os Vest.

Bevar Fjellheim fekk ikkje klagerett
Foreninga Bevar Fjellheim fekk ikkje klagen sin handsama på nytt (foto: KVB)
Andris Hamrefredag 10. juni 2016 07:20

Det blei ein omfattande debatt då plan- og bygningsutvalet skulle ta stilling til om foreninga Bevar Fjellheim var ein rettmessig part i handsaminga av reguleringsplanen for Os Vest og om dei hadde klagerett.

– Alle vi som er over 35 har eit forhold til Fjellheim. Masse har blitt sagt og mimra om både på sosiale medier, i lesarinnlegg og drøs på Øyro. Eg skal ikkje dra alle historiane om mitt forhold til Fjellheim, men eg klarer ikkje la vera å påpeike at det ikkje berre har vore fest og morro som har vore der. Kven hadde trudd ein skulle klara å bli krinsmeister i handball etter å ha måtte kritta opp 6-meteren på gulvet i Fjellheim på kvar trening, innleia Trine Lindborg (Ap).

– Vi blir stadig fleire osingar og vi snakkar om å vera visjonære. Det er no vi treng huset, vi treng eit samfunnshus i Os krins. Eg er sikker på at det er masse osingar som vil bruka Fjellheim. Går ein inn for å riva det, så går det ikkje ann å angra seg, påpeikte Lindborg.

Meinte dei hadde klageadgang

Ho fekk støtte frå Terje Sperrevik (TvS), som opplevde at foreninga har klageadgang.

– Eg er overraska over det første framlegget til vedtak i saka. Mi meining er at det er for dårlege vurderingar. Eg vil vise til denne, sa Sperrevik og løfta opp Os inspirerer-folderen.

– Vi seier at vi gjer det vi seier. Vi seier at vi involverer innbyggjerane. Gjer vi det? Nei, etter mi meining. Eg meiner det er hjemmel for å komma me dei utstrakt hand til dei, at dei har rettsleg klageinteresser og at det er rimeleg grunn til å la dei komma med ei skriftleg klage. Det er ikkje sikkert dei får støtte i klaga, men dei må få sleppa til, påpeikte Sperrevik som fremja forslag om at klagen skulle takast til følgje og at dei skulle få lov å fremja klagen på reguleringsplanen for ny handsaming.

Minna om bakgrunnen

Espen Aspenes (Frp) tok til ordet for at foreninga ikkje hadde rett på å klaga.

– Etter vårt syn er dei ein interesseorganisasjon som ønskjer å bevara huset og ikkje ein juridisk og rettmessig part i saken.

– Eg vil minna om bakgrunnen i saka. Fjellheim var kulturhuset i Os, men eit samrøystes kommunestyre bestemte at vi skulle bygga nytt kulturhus som erstatning og at ein del av finansieringa var salet av Fjellheim.

– Ære være foreninga som no har kome med signal om at dei ønskjer å kjøpa og drifta huset, men eg trur dei får det tøft. Det er ikkje den same dugnadsånden som det var då Os Musikkforening og Os Turn dreiv det. Vi skal hugsa på at også dei til slutt måtte gje seg og selde huset til Os kommune på slutten av 80-talet, påpeikte Aspenes.

Ikkje ein diskusjon om sal

Harald Døsen (Ap) var einig i Aspenes si oppsummering av historikken, men ikkje i konklusjonen.

– Mykje av det Aspenes seier er korrekt. Men bakgrunnen for avstemminga var ikkje først og fremst sal av Fjellheim, men å markera for overordna mynde at vi sto samla om å byggje eit nytt kulturhus. No fekk vi ikkje så mykje att for det. Det kan vi vera einige om.

– No er det ikkje sal eller ikkje sal vi skal diskutera, men om Bevar Fjellheim skal få komma fram med sine meiningar. Eg er tilhengar av kunnskap og informasjon og synes at vi skal vera så rause at vi skal la dei få vera med. Eg ser på det som tilførsel av informasjon og kunnskap, sa Døsen.

Kun det juridiske

Kristin Søfteland-Larson (H) påpeika at saka dei hadde til handsaming ikkje handla om følelsar, men om juss.

– For meg blir det eit spørsmål om juss. Om eg tek på meg min vanlege hatt (som jurist, journ. mrk), så er eg samd i den juridiske vurderinga administrasjonen har gjort, sa Søfteland-Larson.

– Eg synes det er trist at de seier at Bevar Fjellheim ikkje har fått komma til ordet. Det har dei fått og det har blitt handsama. Denne saka handlar om dei har juridisk rett på å få eit brev som seier at vi har fatta eit vedtak. Det har juristane våre vore tydelege på at dei ikkje har. Klagen frå Bevar Fjellheim blei handsama, men den blei ikkje avvist gjennom eit formelt vedtak. Dei har blitt høyrd, påpeika plansjef Aina Tjosås som med det drog opp ein debatt mellom Terje Sperrevik og Kristin Søfteland-Larson om korleis forvaltningslova skulle tolkast, brukast og i kva grad ein kunne bruka skjønn.

Ein ting var dei samde om. Saka handla om jussen. Då utvalet til slutt skulle konkludera enda det med ei fleirtal (Frp/H) gjekk inn for å avvise klagen, medan mindretalet (Ap/TvS/Krf) ville la dei få klagen handsama på nytt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.