Kultur | 13. mai 2015

Biblioteket blir meir dynamisk

I fjor blei Os folkebibliotek utvida og oppgradert, no har biblioteket «blitt eventyrleg» også på nett.

Biblioteket blir meir dynamisk
Biblioteksjef Elisabeth Bochon Tøsdal viste stolt fram nye heimesider i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mai 2015 11:23

Bildeserie:

Eit knippe litteraturinteresserte fekk med seg lanseringa. (Foto: KVB)
Eit knippe litteraturinteresserte fekk med seg lanseringa. (Foto: KVB)
Er du rask så står det kanskje eit kakestykke igjen til deg. (Foto: KVB)
Er du rask så står det kanskje eit kakestykke igjen til deg. (Foto: KVB)
Tøsdal er nøgd med både prosessen og resultatet. (Skjermskot: osfolkebibliotek.no)
Tøsdal er nøgd med både prosessen og resultatet. (Skjermskot: osfolkebibliotek.no)
1 av 3

I januar 2014 kunne Os folkebibliotek ønskja velkomen til utvida og oppgradert lokale i Os Næringspark, der dei auka boltreplassen frå 700 til over 1000 kvadratmeter.

I dag lanserer biblioteket nye heimesider.

– Vi hadde ei innhaldsrik og ryddig nettside frå før, men denne har meir moderne utforming og fleire integrerte funksjonar, fortel biblioteksjef Elisabeth Bochon Tøsdal.

– På den nye sida er det dessutan enklare for oss å legga ut korte nyhendesaker, å halda sida dynamisk og levande.

Topp 10 og siste nytt

Os folkebibliotek er blant biblioteka i Hordaland som låner ut flest titlar. Dei er spesielt store på utlån av e-bøker.

– Via nettkatalogen kan du enkelt søka i utvalet vårt, finna lister over siste nytt og sjå topplister over populære titlar innan bøker for vaksne, bøker for born, filmar og lydbøker.

Tøsdal seier ho er svært nøgd med både prosessen og resultatet.

På kakefesten under lanseringa i dag takka ho både eigne kollegaer, rosemalar Torunn Rød Farsund, fotografane Øyvind Gjerde og Simen Soltvedt og Hordaland fylkesbibliotek, som har for utforming og finansiering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.