Bil på taket på Moberg

Fire personar til sjukehus etter at ein bil rulla fleire gongar på E39 ved Liafjellstunnelen.

Ulykka skjedde på nordsida av Liafjellstunnelen. (Foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. sep. 2016 22:22

Bildeserie:

Ulykka skjedde nord for tunellen. (Arkivfoto: KVB)
Bilen skal ha rulla fleire gongar etter utforkøyringa. (Foto: Os brannvesen)
Ulykka skjedde nord for tunellen. (Arkivfoto: KVB)
Bilen skal ha rulla fleire gongar etter utforkøyringa. (Foto: Os brannvesen)
1 av 2
Bilen skal ha rulla fleire gongar etter utforkøyringa. (Foto: Os brannvesen)
Ulykka skjedde nord for tunellen. (Arkivfoto: KVB)

Torsdag i 22-tida melder politiet at ein bil har køyrd utfor og landa på taket på E39 ved Liafjellstunnelen på Moberg.

– Minst éin person har kome seg ut. Bilen ser godt knust ut, opplyser to vitne på staden til Midtsiden per sms.

Klokka 22.10 melder politiet via Twitter at nødetatane er på staden og at fire personar er ute av bilen.

E39 er sperra begge vegar ved ulykkesstaden, mellom tunellen og brua over Ulvenvatnet (nord for tunellen).

– Bergingsbil er på staden, det vil nok ikkje gå lang tid før vegen opnar, seier brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden klokka 22.28.

Fire ungdomar til sjukehus

Alle dei fire i bilen er ifølgje politiet frakta til Haukeland.

Bilen skal ha rulla rundt fleire gongar før den traff fjellveggen.

Etter det Midtsiden kjenner til skal alle dei fire i bilen vera unge gutar.

Klokka 22.38 var redningsaksjonen over.

Vegen er rydda og opna igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.