Lokal | 06. des. 2014

Bil på taket ved Mobergsbrua

– Han skal ha svinga unna ein hjort, fortel vitne på staden.

Bil på taket ved Mobergsbrua
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. des. 2014 20:32

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Laurdag klokka 20.50 kom det melding om trafikkulykke på E39 mellom Mobergsbrua og Liafjellstunnelen.

Ein bil låg på taket i grøfta. Det var ingen andre bilar involvert.

Klatra ut av bilen - og byrja å rydda

– Førar var åleine i bilen. Han kom seg ut sjølv og gjekk faktisk og rydda i grøfta etter samanstøyten med stolpen, fortel ein av dei første som kom til staden.

Bilen skal ha hatt retning Halhjem. Bilen, ein raud Audi, tok med seg ein lyktestolpe i utforkjøringa.

Førar såg ut til å ha kome frå ulykka utan alvorleg skade, men skal ifølgje BT blitt kjørt til Haukeland med ambulanse.

Oppdatert:

Førar, som er 20 år, blei berre lettare skadd og blei skrive ut frå sjukehus etter cirka to timar, ifølgje politiet.

Førar er frå Askøy og skal ikkje vera mistenkt for promille. Det er heller ikkje tatt beslag i førarkortet hans.

E39 blei stengt

Han skal ha forklart at han prøvde å svinga unna ein hjort før han mista kontrollen på bilen.

Redningsmannskap kom fram rett før klokka 21 og E39 blei stengt ved ulykkesstaden.

Det har vore minst to tilfelle av påjørsel av hjort i same område i haust.

Det regnar tett og er dårleg sikt i Os laurdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.