Politi | 24. des. 2023

Bil på tvers og bil i lyktestolpe

Trøbbel på både E39 og Hatvikvegen.

Bil på tvers og bil i lyktestolpe
Ein bil har hamna på tvers i Endelausmarka. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. des. 2023 15:18

Julaftan klokka 14.01 opplyser Vegtrafikksentralen at ein bil har sklidd av Hatvikvegen og inn i ein lyktestolpe.

Bilførar, ein mann i 60-åra, er uskadd. BKK og bilbergar er på staden.

– Som følgje av dette er straumen gått i området, skriv Vest politidistrikt på X.

Ifølgje BKK sitt kart over straumbrot er det i skrivande stund, klokka 15.28, ingen utan straum i Bjørnafjorden kommune.

  • Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no

Klokka 15.19, opplyser politiet om stengt i Lyshorntunnelen grunna uhell i Endelausmarka.

OPPDATERT: Vegen opna igjen klokka 15.20.

– Ein bil har snurra rundt og hamna på tvers inn i autovernet i 100-sona.

– Det er materielle skadar i begge endar av bilen, men ikkje meldt om alvorleg personskade. Bilbergar er på staden.

Det kom mykje snø i Os i går, og i dag har det kome sludd og regn på nedkjølt veg. Det har gjort køyreforholda noko vanskelege fleire stadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.