Lokal | 18. juni 2012

Bil stolen på Særvoll

Ein blå VW Passat er meldt stolen. Politiet ber om tips.

Bil stolen på Særvoll
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. juni 2012 09:59

I helga har politiet rykt ut på blant anna gasslekkasje, bilulykke, mc-ulykke og bråk på gjestebrygga.

Les meir om dette på:
Midtsiden samleside: Politisaker

Natt til søndag kom melding ompåkjørt katt, svart og grå med kvit hals, i Lerkevegen på Søfteland.

Kjente på dørene til folk

Søndag kveld fekk politiet melding om mistenkeleg oppførsel i Varåsen.

– Ein mann gjekk på dørene og dreiv med tigging, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Ifølgje eit vitne Midtsiden har snakka med skal tiggaren ha gått og kjent på dørene til folk utan først å banka på.

Stolen bil

Politiet har etter helga fått melding om at ein bil er sakna frå Særvoll.

– Bilen er stolen ein gong mellom 13. og 16. juni. Det er ein blå VW Passat med registreringsnummer BP 33525, seier Dalen, som håper nokon har sett bilen eller noko som kan ha med tjuveriet å gjera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.