Lokal | 26. sep. 2018

Bil tatt av ras i Samnanger

Redningsdykkarar frå Os rykte ut til nabokommunen.

Bil tatt av ras i Samnanger
Ein parkert bil blei tatt av raset i Samnanger. Området blir no gjennomsøkt. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. sep. 2018 09:38

Det har gått eit stort ras ved Skar i Liavegen i Samnanger onsdag formiddag.

Politi, redningshundar, ambulanse, og brannvesen rykte ut, også redningsdykkarar frå Os reiste til staden.

– Ein bil er tatt av raset, men denne sto parkert. Vi er i kontakt med eigar, som stadfestar at det ikkje var folk i bilen då den blei tatt av raset, opplyser politiet.

Søk i rasområde og sjø

Grunna storleiken på raset, og at det går ut i sjø, blir rasområdet gjennomsøkt.

– Det er førebels ikkje noko som tyder på at nokon er tatt av raset. Ingen personar er sakna og ingen bygningar er tatt av raset.

Vegen forbi staden er stengt på ubestemt tid.

Dei store mengdene med nedbør i natt har òg prega Os. Eidsvegen er kollapsa og stengt, og brannvesenet har i natt vore ute på lekkasjar og vassinntrenging i fire bustadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.