Lokal | 25. mars 2015

Bil velta på Ulven

Eit militært kjøretøy velta i terrenget mellom Ulven leir og Industrivegen. Éin mann lettare skadd.

Bil velta på Ulven
Det militære køyretøyet ligg velta ved sidan av gang- og sykkelvegen langs Ulvenvegen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 25. mars 2015 12:37

Politi, ambulanse, brannvesen og Forsvaret rykte ut då eit militært køyretøy velta i svingen ved motorcross-banen ved Sigurdsvika rundt klokka 13 onsdag føremiddag.

Bilen låg velta ved sidan av gang- og sykkelvegen som går langs Ulvenvegen.

Ein mann i 40-åra blei tatt hand om av ambulansepersonell på staden. Han var bevisst og såg ut til berre å vera lettare skadd.

Med seg i bilen skal han ha hatt ein hund. Denne skal òg ha blitt skadd og har blitt frakta til veterinær for undersøkingar.

Det skal vera ei mindre lekkasje frå bilen.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.