Bilar i møteulykke - stolen buss i fjellveggen

To uhell på Lyseklostervegen og Fanafjellet tysdag morgon.

To bergingsbilar måtte til staden etter samanstøyten, men ingen personar blei skadd. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. feb. 2021 09:11

Klokka 05.53 tysdag morgon kom det melding om ein buss i fjellveggen på Fanafjellet.

– Bussen hadde køyrd utfor på Nordvik-sida av toppen. Dette er utanfor vårt distrikt, men vi sendte òg ein patrulje til staden, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Det var ein annan bussjåfør som meldte ifrå. Han møtte ein buss som stengte vegen, men bussen var tom for folk.

Ifølgje BT var bussen stolen på Krokeide. Mistenkt for tjuveriet og køyreturen er ein 15 år gamal gut.

– Han blei funnen i området etter ei stund, fortel Birkeland.

Det tok tid å få bussen vekk, vegen opna for fri ferdsel først i 08-tida.

Kollisjon i Åsen

Ein liten time etter bussulykka, klokka 06.38, fekk politiet melding om trafikkuhell på Lyseklostervegen.

– To bilar kolliderte i eller nær bustadområdet i Åsen. Ein unge var passasjer i den eine bilen. Dei køyrde til legevakt for sjekk, men skal ha sett uskadde ut.

Ambulanse var på staden.

Bilane måtte tauast vekk. Bilførarane rapporterte at det var svært glatt på staden. Politiet har foreløpig ikkje oppretta sak-

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.