Bilbelte-kampanje i helga
Med mindre du har 1500 kroner du vil bli kvitt har du ekstra gode grunnar til å bruka bilbelte denne helga.
Ifølgje vegvesenet sine kontrollar bruker 9 av 10 belte i tettbygd strøk, og endå fleire ute på landevegen.
-Men vi har likevel ein veg å gå før alle bruker bilbelte, og før alle festar det på rett måte, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Derfor vil vegvesenet gjennomføra bilbeltekontrollar frå fredag 1. juni til søndag 3. juni over heile landet.
Med fokus på ungdom
Av dei som døyr i bilulykker har om lag 40 prosent ikkje brukt bilbelte. Bilbelte er det enklaste og mest effektive hjelpemiddelet for å redusera talet på drepne og hardt skadde i trafikken.
- Denne helga har vi auka fokus på bilbelte, og vi vil rette merksemda spesielt mot ungdomsgruppa. Ungdomane er ikkje dei verste i beltebruken, men det er denne gruppa som har størst risiko for å hamna i ei alvorleg trafikkulykke, seier Thorbjørn Thiem, som er kampanjeansvarleg i Region vest.
Lyser det ungdom av bilen din er det med andre ord ekstra stor sjanse for at du blir stoppa, og alle om bord blir sjekka.
Ikkje flink på buss
Årets store bilbelteundersøking viser at under 4 av 10 bruker bilbelte i buss.
- Dette er for dårleg, spesielt når vi veit kor store og alvorlege konsekvensar ein bussvelt kan få. Mange er ikkje klar over at dei kan bli alvorleg skadd og drepne av andre passasjerar som blir kasta rundt inne i bussen fordi dei ikkje sit sikra med beltet i setet, seier Thiem.
To tonn i baksetet?
Undersøkingar viser at ikkje alle bruker bilbelte når dei sit i baksetet.
Ein vaksen person som sit i baksetet utan bilbelte vil treffa forsetet med ei kraft på eit par tonn om det skjer ein frontkollisjon i 50 km/t.
Rett bruk
Vil du unngå skade ved eventuell kollisjon, og gebyr om du blir stoppa i kontroll, må du bruka beltet på rett måte.
Bilbeltet skal du festa tett inntil kroppen, og det skal ikkje vera vridd. Det skal ligga stramt nede på hoftene og alltid over skuldra. Når bilbeltet er klikka på, er det lurt å stramma til.
Bilistar som ikkje bruker bilbelte vil få eit gebyr på 1500 kroner .
Fakta om bilbeltebruk:
• Bruk av bilbelte minkar faren for å bli drepen eller hardt skadd med 40-50 % for førar og passasjerar i forsetet. For passasjerar i baksetet er talet ca. 25 %.
• Bilbeltebruken blant sjåførar i tettbygd strøk har auka frå 85 % til 93 % dei siste 10 åra. Bruk utanfor tettbygd strøk har auka frå 92 % til 95 %
• Meir enn 40 % av de drepne i bilulukker brukte ikkje bilbelte
• Hadde alle brukt bilbelte, kunne 30 liv vore spart kvart år.
• Ein kollisjon i 50 km/t utan bilbelte, vil vera som eit fall på 10 meter.
• For meir informasjon og filmar om riktig bruk av bilbelte: vegvesen.no/bilbelte