Lokal | 01. mai 2017

Bilbrann i Hamnevegen

Brannsjefen var berre eit steinkast unna då meldinga kom.

Bilbrann i Hamnevegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. mai 2017 12:20

Måndag i 12-tida rykte brannvesen og politi ut på melding om bilbrann i Hamnevegen.

Brannen skjedde nær Os lensmannskontor i Irisgården, men politiet i Os var opptatt med å vera vakt på sykkelrittet Os Rundt, dermed måtte Fana-politiet ta turen.

Det hasta meir med å få brannvesenet på plass, og brannsjef Stein Gjøsund bur i nabolaget og var raskt på plassen.

Hindra fare for spreiing

– Det var røyk frå motorrommet, men ingen opne flammar. Bilen sto ved Fargerike, så vi fekk raskt trilla den ut frå husveggen, fortel Gjøsund.

Brannen på Osterøy i helga, der ein bustad brann ned til grunnen, skal ha starta i ein garasje.

– Om du opplever bilbrann bør det, om mogleg, å hindra spreiing, ha høg prioritet, er brannsjefen sitt råd.

Han anbefalar òg å ha slukkemidler klart i tilfelle det blussar opp brann.

– Denne gong blei det ingen opne flammar, men vi kjølte bilen ned med vatn, seier Gjøsund, som rykte ut saman med vaktlaget.

Kraftig pipebrann laurdag

Laurdag ettermiddag var brannvesenet ute på ein pipebrann på Bø.

– Det var ein kraftig pipebrann, så sterk at pipa sprakk i toppen så flammane inne i pipa blei synleg.

– Hadde det vore treverk i nærleiken kunne brannen spreidd seg til resten av bustaden.

Skøyte heldt på å gå ned på Halhjem

Søndag fekk brannvesenet melding om ein skøyte på Halhjem som heldt på å gå ned.

Båten, «Seibuen», er den same som brannvesenet har lensa på i vinter, som eigar fekk pålegg om å fjerna - med frist 20. februar.

– Vi var ute og lensa den igjen. Eg vil kontakta grunneigar Statens vegvesen i morgon, og høyra kva plan dei har for oppfølging av eigar.

Travle dagar hos legevakta

Langhelga har elles vore som normalt hos Os brann- og redningsteneste, utan dei store hendingane.

– Det har vore travelt på legevakta, men det er òg normalt når det er langhelg eller ferie, fortel Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.