Like før klokka 18 kom det melding om bilbrann i Skeismyra. (Ill.foto: KVB)
Like før klokka 18 kom det melding om bilbrann i Skeismyra. (Ill.foto: KVB)

Bilbrann i Skeismyra

Fyrverkeri lagra i bil skal ha tatt fyr - måtte slepa bilen vekk frå nærliggande bygningar.

Kjetil Osablod Grønvigh
28. juli 2019 - 19:41

Like før klokka 18 melde Vest politidistrikt på Twitter om ein bilbrann i Skeismyra.

Bilen skal ha stått parkert nær bygningar og vart slept vekk av brannvesenet.

Brannen skal i følgje politiet ha starta ved at fyrverkeri som var oppbevart i bilen tok fyr av seg sjølv.

Ingen vart skadd i hendinga.

Politiet har oppretta sak.

 

Les meir om

Lokal Brann og redning