Lokal | 11. des. 2020

Bilbrann på Halhjem

Lastebil sto i full fyr då brannvesenet kom fram.

Brannen var i ein lastebil parkert nær ei båthamn. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. des. 2020 22:37

Fredag klokka 23.05 kom det melding om brann i ein bil på Halhjem.

Klokka 23.29 opplyser 110-sentralen at brannen er sløkt.

Det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreia seg til bustad, då dei var eit stykke unna.

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreia seg til bygningar. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

– Brannen var i ein liten lastebil parkert ved ei båthamn, fortel Vest politidistrikt via Twitter.

– Det er ikkje meldt om personskade, og det er heller ingen trafikale problem på staden.

Årsak er ukjent. Politi og brannvesen er på staden.

Brannen lyste godt opp. Ingen personar skal ha blitt skadd. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.