Brann og beredskap | 21. jan. 2019

Bilbrann ved Os Gymnas

– Driftsleiar ved skulen gjorde alt rett, seier Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Bilbrann ved Os Gymnas
Like før klokka 14 tok det til å brenna i ein bil som stod parkert utanfor Os Gymnas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 21. jan. 2019 12:57

Litt før klokka 14 vart det meldt om brann i ein bil ved Os Gymnas.

Då brannvesenet kom til staden hadde driftsleiar ved skulen allereie fått sløkt brannen.

Gitle Smaadal frå Os brannvesen seier at driftsleiaren gjorde alt rett då det byrja å brenna.

– Bilen står nær skuleveggen, men skulen er heldigvis bygd i betong.

Bilen tilhøyrer ein elev ved skulen. Bilførar seier han kjende ei lukt då han parkerte, og då han gjekk ut av bilen, kom flammane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.