Rafael Villén skulle avslutta ein trippelsjanse til Os, men blei hindra. Os ba om straffe, men fekk ingenting. (Foto: KVB)

Bildeserie og kommentarar frå bataljen på Kuventræ

– To driblerundar av Moldskred var alt Os skapte, meiner Ruben Hetlevik.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os tok i dag imot Lysekloster til lokaloppgjer i tredje serierunde. Frå før sto laga med 3 og 1 poeng, Os med sjølvtillit frå 5-1-siger i førre runde, Lysekloster med eit tungt tap for eit tøft Djerv 1919 i beina.

Det var òg tid for spelande assistent på Os, Rune Åsheim Mo, og keeper Chris Sunde Midtun å møta gamleklubben.

Os opna offensivt og heldt presset kampen gjennom. I andre omgang skapte dei nokre fleire sjansar, men då gjestane auka til 0-2 i 87. minutt var håper bortimot ute for nyopprykka Os.

Os - Lysekloster 0-2 (0-1)
Målskårar: Martin Pedersen (22. og 87.)
• Troppane og kampfakta på fotball.no

– Det er skuffande å tapa ein kamp som denne, men oppløftande å sjå korleis vi klarer oss. Kampen blei som eg hadde håpa, vi går offensivt ut, er modige og stoler på spelet vårt og dominerer kampen, seier Os-trenar Endre Brenne.

– Vi skapte ikkje nok sjansar i første omgang, men dette kom seg etter pause. Andre omgang dominerer vi fullstendig, dessverre utan at vi skårer. I pausen bad eg spelarane bruka meir av rommet på sidene, og vi fekk fleire innlegg, men vi må bli flinkare på rørslene i boks når innlegga kjem.

– Hadde best kontroll då vi låg lågt

– Det blei forferdeleg spennande. Taktisk har vi ein del å justera på, men no vil vi først og fremst gle oss over sesongens første siger, seier Jacob Nielsen.

– Vi ønskte å stå så høgt som mogleg, men opplevde at vi hadde best kontroll då vi sto lågt. I dag er eg imponert over fightervilja hos gutane. Det kom tydeleg fram i garderoben òg, gutane var veldig tente på å vinna.

Nielsen leia laget fordi hovudtrenar Ruben Hetlevik hadde karantene etter å ha fått raudt kort i førre kamp. Hetlevik såg kampen frå tribunen, og er endå meir nøgd med eige lag.

– Vi ønskte å styra spelet, men var mest opptatt av å tetta igjen bak. I dei siste kampane har vi sleppt inn nokre dumme mål, det unngjekk vi i dag.

– Var det planen at Os skulle ha så mykje av spelet?

– Det betyr ikkje noko om dei har ballen mykje, så lenge dei ikkje skaper sjansar. Os har ein god driblefant i Mats Cato Moldskred, som åleine skapte dei to sjansane Os hadde i dag, meiner Hetlevik.

Dei største sjansane

Midtsiden meiner at Os spelemessig såg langt sterkare ut enn ved førre møte, med 4-3-siger heime hausten 2017. Også spelar for spelar sto osingane overraskande nok ikkje tilbake for dei meir rutinerte Lysekoster-spelarane. Den 20 år gamle midtstopparen Jonas Hovland hadde grei kontroll på Simen Næss, og blei kåra til dagens Os-spelar.

Lysekloster hadde éin corner før pause, Os hadde ingen, men Os hadde to frispark frå 20-25 meter (Moldskred la inn på det eine og skaut hardt, men rett på keeper, på det andre). I andre omgang hadde Os flest cornerar og fleire sjansar.

Moldskred hadde fire skot på mål, éitt i målveggen og éitt på måltaket. Torgeir Lunde hadde to skot, Rune Mo skaut litt over mål, Rafael Villén hadde skot på mål, med venstre, og burde truleg hatt straffe på trippelsjansen Os hadde i andre omgang.

Men Lysekloster sto stødig i forsvar og fekk heller ikkje dei beste avsluttingane å bryna seg på.

Os speler neste kamp borte mot Vestfossen, som har tapt alle sine tre første. Lysekloster tar imot Fana. Fana spelte i dag 1-1 mot Bergen Nord, som Os slo 5-1 i førre runde.

Tabell og terminliste på fotball.no

Fleire saker