Bildøy sentral i nok ein Lysekloster-siger

Skåra og serverte då Lysekloster slo Bjarg.

Bildøy, her i treningskamp mot Lyngbø onsdag i førre veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. juni 2021 09:22

Etter 4-1 over Lyngbø i første treningskamp sidan 1. mars 2020, tok Lysekloster laurdag imot Bjarg.

Les ògLeia 3-0 etter 25 minutt

Bjarg er tilbake i Norsk Tipping-ligaen etter å ha vunne Os 2 si naboavdeling i 4. divisjon i 2019, og er avdelingsmotstandar med Lysekloster og Os når serien startar i august.

Lysekloster vann 2-0 etter skåring av Marius Bildøy og Christian Dahl, sistnemte er på prøvespel. Dei to skåra også mot Lyngbø.

«Driblefanten var involvert i det meste. Dette var takter man ikke har sett av Bildøy siden han som 16-åring kom ut av intet og gjorde seg bemerket på A-laget til Brann», skriv BA, og intervjuer Bildøy om tida i toppfotballen i Brann og Åsane, og om ambisjonane vidare.

Lysekloster - Bjarg 2-0 (2-0)

Mål: Marius Bildøy og Christian Dahl.

Lysekloster: Vitaly Melnichenko - Thorvald Trætteberg, Kevin Berg, Kasper Bordvik, Ronny Rojas - Abdulmajid Abdulkadir, Joachim Westrheim, Tobias Heltne Alme, Christian Dahl - Tim Nilsen, Marius Bildøy.

Innbytarar med speletid: Jakob Folkestad, Peter Hasund, Håvard Rinde, Frederick Smith, Preben Skorpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.