Lokal | 19. mars 2021

Bilen ville om bord mens lemmen blei løfta

Politiet har oppretta sak etter uhellet på Halhjem ferjekai i går.

Bilen ville om bord mens lemmen blei løfta
Når ferja er vekke er bommen nede, men ingen hindra bilen å køyra ut på rampen og inn i lemmen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mars 2021 09:46

Torsdag i 14-tida rykte politiet ut til Halhjem ferjekai etter melding om trafikkuhell.

Bilførar, ein mann i 30-åra, kom frå det utan alvorleg skade. Bilen blei henta med bergingsbil.

– Det er ikkje mistanke om promille, og det er noko uklart kven som har skuld, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Det som er klart er at bilen prøvde å nå ferja, men då den skulle køyra om bord var lemmen oppe eller i ferd med å løftast.

– Vi har oppretta sak og skal ha fleire avhøyr. Vi vil òg undersøka det tekniske og rutinar på kaien, for dette kunne gått skikkeleg gale, seier Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.