Politi | elleve timar sidan
Bilførar i 50-åra vist vekk frå Os sentrum
– Han fekk ei kraftig formaning.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. apr. 2026 10:26
Fredag klokka 21.47 kom politiet over ein bilist som køyrde fort og «stygt» i Os sentrum.
– Vi hadde dessverre ikkje fartsmåling på vedkomande, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Bilisten, ein mann i 50-åra, blei vist vekk frå Os sentrum.
– Han fekk ei kraftig formaning om køyreåtferda si.





