Lokal | 18. apr. 2019

Bilførar mistenkt for promillekøyring

Den mannlege bilføraren hevda det var dagen derpå-promille då han vart stoppa på Søfteland i går.

Bilførar mistenkt for promillekøyring
Ein bilførar vart i går stoppa på Søfteland med det han sjølv hevda var dagen derpå-promille. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 18. apr. 2019 07:22

Rundt klokka to i går ettermiddag stoppa ein patrulje fra bergenspolitiet ein bil på Søfteland.

Føraren, ein 36 år gammal mann, er no mistenkt for å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand.

Politibetjent ved Os lensmannskontor, Sindre Hallem, fortel at sjåføren vart teken med til Bergen sentrum politistasjon for utvida promillekontroll.

Hallem fortel vidare at føraren sjølv hevda det heile handla om dagen derpå-promille.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.