Lokal | 10. okt. 2012

– Bilistane står for satsinga

– Bilistane betalar over halvparten av rekninga i regjeringa si såkalla satsing. Vedlikehaldsetterslepet vil halda fram også i 2013, seier Jan Johansen i KNA.

– Bilistane står for satsinga
Svegatjørn-Rådal er blant dei mange planlagte bompengefinansierte vegane i Noreg. (Ill. Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. okt. 2012 10:59

I framlegget til statsbudsjett som blei lagt fram måndag fortel regjeringa om "tidenes satsing på vei og tog", men av 17,9 milliardar til nye vegar er det berre 7,9 som kjem frå staten, dei resterande 10 milliardane er det bilistane som skal betala i form av bompengar.

Les òg: 100 millionar til Svegatjørn-Rådal

– Statsbudsjettet innehelder fleire positive avgiftstiltak for bilistene, men regjeringa skyver på rekninga når den finansierer vegsatsing med nye bompengeprosjekt, seier generalsekretær i Kongelig Norsk Automobilklub (KNA), Jan Johansen.

I regjeringa sitt budsjettforslag blir det foreslått ei kraftig auke i bompengefinansiert utbygging av riks- og fylkesvegnettet.

Saman med bompengar som blir betalt i fylkesvegnettet vil norske bilistar i 2014 betala nesten 14 milliardar kroner i bompengar.

– Veglovens §20 slår fast at staten skal bera utgifter til planlegging, bygging, utbedring, vedlikehold og drift av riksvegar, eit viktig prinsipp som for lengst er forlatt, seier Johansen.

Utanom bompengar hentar staten inn rundt 10 milliardar i året (7,5 milliardar i 2008) på årsavgift, avgifta som tidlegare heitte vegavgift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.