Sport | 05. feb. 2019

Biljardklubben har starta junioravdeling

Den 35 år gamle klubben har byrja å læra opp neste generasjon.

Biljardklubben har starta junioravdeling
6 av dei 8 første juniormedlemmane (f.v.); Timian, Mathias, Sander, Sharo, Isac og Sander saman med trenarane Jan Helge og Bernt Olav. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. feb. 2019 10:05

Os Biljard og Snookerklubb har fostra fleire noregsmeistrar i både biljard og snooker.

I 2009 var det 25-årsjubileum, i 2015 flytta dei til Ulvenparken og no har dei eit aktivt idrettsmiljø som blant anna arrangerer noregscup og tar fleire NM-medaljar i snooker og biljard.

– Det er pluss og minus med å ligga litt usentralt plassert. Det positive er at vi har eit reint idrettsmiljø, ikkje ein kombinasjon av sportsbar og idrett, det negative er at det ikkje er så lett for kven som helst å berre stikka innom, seier Jan Helge Kordts.

Mens fleire av dei andre aktive medlemmane i klubben har fokus på snooker, er Korts framleis aktiv med biljard.

– Eg er ein av dei som vaks opp då biljardsalongen låg i Os sentrum, som stakk innom etter skulen og gjerne var der til mor ringte Hans Olav Sundøy (eigar av biljardsalongen og vertsskap for klubben) og sa at no var middagen klar.

Fekk 8 juniormedlemmar på strak arm

Kordts og treningskamerat Bernt Olav Lundetræ fann ut at dei ville legga til rette for yngre biljardspelarar.

– Vi ser at enkelte andre klubbar som har starta junioravdeling har opplevd enorm rekruttering, og gjerne har over 20 juniorar på trening. Sjølv kom vi raskt opp i åtte aktive juniorar, og vi har plass til mange fleire, seier Lundetræ.

I haust gjorde han sjølv comeback saman med sambuaren Mona Bergstø. Mona vann NM-bronse, Bernt Olav kom på 33. plass av 97 utøvarar.

– Men vi gjer ikkje dette for at det skal bli så stor butikk for klubben, vi gjer det fordi vi ønskjer å bringa bygda sin 35 år gamle biljardtradisjon vidare, skyt Kordts inn.

– Gøy å bli god!

Juniortreninga er førebels éin dag i veka, og gratis for dei som er ungdomsmedlem i klubben. Tilbodet gjeld for dei frå rundt 10 år og opp til senior.

– Når ungdomen fyller 15 år, og når eit visst nivå, kan dei velja sjølv om dei vil trena med junior eller senior.

Det nye aktivitetstilbodet har blitt sponsa av BKK. Dei første juniorane våre er frå 6. til 8. klasse, fleire av dei er klassekameratar og trener fotball utanom.

– Eg hadde aldri spelt biljard før, men føler eg fekk det til ganske fort, og at det er veldig gøy! seier Sharo.

– Vi tar ein halvtime med grunnleggande teknikk i starten på treninga, så er det over på spel. Alle som er nye vil oppleva mykje framgang i starten, så det er lett å halda ungdomen motivert, fortel Kordts.

– Det er høg aktivitet her heile veka, med både biljard og snooker for senior, og vi kan enkelt utvida med fleire treningsdagar om medlemsmengda i junioravdelinga aukar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.