Lokal | 04. aug. 2020

Bilverkstad utsett for innbrot - stakk av då eigar kom

Knuste rute og prøvde å stela motorsykkel.

Bilverkstad utsett for innbrot - stakk av då eigar kom
Remy Matre i ruta som nokon knuste i natt. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. aug. 2020 08:25

Thuen & Matre i Industrivegen har natt til tysdag hatt innbrot i verkstaden. Innbrotet blei oppdaga på morgonen i dag.

– Ei rute i ein port er knust, fortel innehavar Jarle Matre.

Han syntest han høyrde lydar i lokalet, men trudde først det var ein av morgonfuglane han har tilsett.

Det er òg tydelege teikn på at folk har vore inne i lokalet.

– Ein motocross-sykkel er flytta på, og det er gjort forsøk på å skru laus eit handtak for å opna porten frå innsida. Men porten var heldivis låst med hengelås, og den fekk dei ikkje brote opp.

– Eg har ikkje overskt over om noko er stole enno.

Dei skal så ha prøvd seg på ei anna dør, men blei truleg forstyrra av at eigar kom på jobb noko tidlegare enn dei rekna med.

Denne motocross-sykkelen er flytta på, og kanskje forsøkt stolen. (Foto: ØH)
Denne motocross-sykkelen er flytta på, og kanskje forsøkt stolen. (Foto: ØH)

MC køyrde frå staden

Ein halvtime seinare, i 7-tida, køyrde ein svart motorsykkel parkert på andre sida av vegen, frå staden i høg fart.

Bakpå motorsykkelen som køyrde frå staden var ein ekstra hjelm, ein hjelm som liknar dei Thuen & Matre sel. Matre-familien har lenge vore aktive innan motocross, og har ei avdeling med utstyr for sal.

– Hjelmen kan vera tatt her, eller den kan ha tilhøyrd ein medhjelpar som stakk frå staden til fots. Dette kan naturlegvis òg berre vera nokon som køyrde ungen sin i barnehagen på motorsykkel, seier Remy Matre.

Tjuvane blei hindra av denne hengelåsen. (Foto: ØH)
Tjuvane blei hindra av denne hengelåsen. (Foto: ØH)

Verkstaden har alarmanlegg. Historikken frå anlegget er foreløpig ikkje notert. Matre har heller ikkje snakka med politiet enno.

Thuen & Matre hadde òg innbrot i 2015. Då blei ein motorsykkel for bruk på trafikert veg stolen. Denne blei funnen igjen på Kokstad etter tips ti dagar seinare.

Fem tilfelle på fem dagar

Dette er det femte tilfellet av innbrot eller tjuveri frå bod eller bil på fem dagar. Sidan fredag har det vore både innbrot i bustad og bod, og tjuveri frå bil og nattklubb.

Politiet ber folk ta sine forholdsreglar, blant anna med å hugsa å låsa dører.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.