BIR AS har tildelt BIR Transport AS enerett for inntil to år frå 29. september 2017.
– Det vil seie at BIR Transport AS frå i dag hentar husholdningsavfall i alle BIR sine eigarkommunar, fortel Mette Nygård Havre, kommunikasjonssjef for BIR i ei pressemelding.
Bakgrunnen for dette er at at transportselskapet som henta avfall i åtte av BIR sine eigarkommunar, RenoNorden, er gått konkurs.
– BIR Transport AS er tildelt enerette for ein periode for å sikra stabilitet i avfallsinnsamlinga slik at eigerkommunane frå moglegheiten til å beslutta og implementera ein langsiktig løysing.
– Alle dei 25 tilsette i RenoNOrden har frå 29. september fått tilbod om jobb i BIR Transport AS, fortel Nygård Havre.
RenoNOrden samla tidlegare inn hushaldningsavfall også for Fjell og Øygarden kommune. Etter konkursen i transportselskapet vil BIR Transport AS i ei overgangsfase henta inn avfallet også i desse to kommunane.
– Innhenting av avfall går dermed som normalt for alle BIR sine, FjellVAR sine og Øygarden sine husholdningskundar, avsluttar Nygård Havre.