Lokal | 20. nov. 2012

Bistandsadvokaten: Krev 200.000

Drapssaka, dag 6: Bistandsadvokat Beate Hamre ber om 200.000 kroner i oppreising til Hilda Feste si dotter, pluss dekking av utgifter til gravferd og behandling.

Bistandsadvokaten: Krev 200.000
Bistandsadvokat Beate Hamre saman med aktor Gert Johan Kjelby (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 20. nov. 2012 10:48

Bistandsadvokat Beate Hamre krev på vegne av dottera til den drepte Hilda Feste ei oppreisingserstatning i tråd med skadeerstatningslova avgrensa opp til 200.000 kroner.

I tillegg krev ho dekka gravferdsutgifter, behandlings- og reiseutgifter, som er venta å koma opp i nærmare 133.000 kroner.

Hamre viste til rettspraksis i høve oppreisingserstatninga.

- Hilda Feste var ei elska mor, svigermor, bestemor, oldemor og tante som blei riven bort på ein grufull måte.

- Dottera si forklaring i retten var gripande og gjorde eit sterkt inntrykk på alle, oppsummerte bistandsadvokaten.

Advokaten gjorde greie for dei ettervirkningane dottera og familien har hatt etter hendingane 1. nyttårsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.