Bjarte Ask sel bilar, utstyr og kundelister til Bjarte Bøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bjarte Bøe kjøper Ask Transport

Familien Ask har kjørt avfall sidan 1968. No overtar entreprenør Bøe både kundar og utstyr.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Selskapet Hans Ask Transport AS er ikkje selt, men kundar, tilsette og driftsmidlar går no inn i Bjarte Bøe sitt nystarta selskap, Ask Transport AS.

– Eg ville halda på namnet, det er godt etablert. Frå eg var liten har Ask handla om boss, og sånn trur eg mange har det, seier Bøe, som for nokre år sidan kjøpte selskapet Grunn & Betong AS og i fjor fekk seg kontor og industrilokale der Johs Sælen tidlegare heldt til.

Tysdag 1. september overtar han driftsmidlane, to konteinarbilar, ei gravemaskin og 120 konteinarar for utleige.

– Då eg fekk høyra at Ask vurderte å gje seg så tenkte eg at det kunne vore greit å ha nokre konteinarar.

– Eg hadde ikkje trudd at det var snakk om 120 stykk, seier entreprenøren og ler.

Avfallshenting sidan 1968

Det var ikkje tvungen renovasjon då Hans Ask i 1968 starta selskap for å henta søppel for husstandar i Os, men det hadde nyleg kome eit krav om lukka bil.

– Knut Øvreeide, som først sto for hentinga, ville ikkje investera i lukka bil, men det ville far, fortel Bjarte Ask.

– Det var bra at kravet om lukka bil kom. Bosset blei tømt i Rødsliane, der rottene var like store som kattar. Men store delar av lasta flaksa jo av på veg inn Hegglandsdalen.

Sidan renovasjon var frivillig var det i starten berre 500 som betalte. Men det sto gjerne 1200 spann langs vegen fram til dei blei meir system på sakene.

Bjarte Ask dreiv for seg sjølv med kranbil og vekselflak-bil då faren Hans i 1986 ramla ned frå ein bossbil og blei 90 prosent ufør.

– Eg valte å bli med i firma, først med 40/60 prosent, så 60/40 prosent av aksjane. Far heldt fram som dagleg leiar til eg overtok rolla i 1992, seier Ask junior, som etterkvart overtok alle aksjane i selskapet.

Tapte i tredje runde

Då fleire Hordaland-kommunar gjekk saman om å danna Bir forsto Ask at det snart ville koma anbodsrunde. Dei slo seg saman med renovatørar i Fusa og på Askøy og med paraplyselskapet «AS S Renovasjon», firmanamnet enkelte hadde morosamt med (rumpe renovasjon), vann dei anbodsrunden som kom i 1997.

– I neste runde var det eit dotterfirma av Bir som vann runden, men dei kom til oss etterpå og hyra oss inn som underleverandør.

Så, for 5-6 år sidan, kom RenoNorden på banen.

– Vi hadde ikkje sjanse å matcha prisane deira. Dei er så store at eg trur dei gjekk inn for å ta jobben på tap for å få fotfeste på Vestlandet for å få større oppdrag seinare, seier Bjarte Ask.

Dermed måtte Ask redusera frå 12 til 3 mann, og tilsvarande kutt i mengda bilar. No er dei to.

– Nokre gjekk av med pensjon, men det var naturlegvis trist å mista så mange kollegaer. Men med selskapet gjekk det greit.

Omsetnaden gjekk ned frå 13,5 i 2010 til 7,5 millionar kroner i 2012. I 2012 og 2013 låg driftsresultatet på oppunder ein million kroner.

Restaurantar og byggeplassar

Bjarte Ask held på eigarskapen til selskapet, som også inkluderer den rundt 1,4 mål store tomta med byggmasse i Industrivegen.

– Eg har ikkje plan om ny verksemd her, eigedomen skal seljast. Eg blir 62 år i november, og vi som er så heldig at vi er fødd i 1953, og ikkje i ’54, kan gå tidlegare av. Men eg hjelper Bøe fram til han finn ein erstattar, ein sjåfør som også er formann. Til ny mann er på plass så er det framleis eg som svarer telefonen når folk ringer, åtvarar Ask.

Ved sidan av Bjarte Ask, som blir med som innleigd mannskap, overtar Bøe sjåføren Jermund Borgen i sin stall.

Bøe vil flytta Ask Transport sine bilar, og konteinarane som ikkje står ute hos kundar, til lokalet sitt vel Vallaelva og Hesthaugen.

Den eine konteinarbilen går med store lass matavfall frå restaurantar. Den andre kjører dei mindre konteinarane ut på byggeplassar og heim til folk som skal rydda litt ekstra i kjellar og garasje.

– Eg ser fram til utvida drift. Grunn & Betong har tre tilsette og to innleigde frå før, no får vi to mann til på same plass.

– Men eg søkjer framleis etter ein som kan ta Bjarte Ask si rolle, å både vera sjåfør og å ta imot bestillingar, sånn at han kan få trappa ned med turar til fritidseigedomen han har i Myrkdalen, seier Bjarte Bøe.

Ask er glad for at det er ein osing som overtar.

– Eg kunne sikkert selt til eit av dei større selskapa, men det vil eg ikkje, eg ønskjer heller at dei skal få servicen og lokalkunnskapen dei er vant med. Du kan hjelpa kundane på ein heilt annan måte når du er lokal i forhold til å koma til ein telefonsentral på Austlandet og snakka med ei dame som ikkje veit kor Øyane e’, seier Bjarte Ask.

Fleire saker