Sport | 02. okt. 2019

Bjarte Wiberg blir dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb

Tidlegare leiar i Os Sentrumsforening går frå Kalandseid il til heimebane på Hauge.

Bjarte Wiberg blir dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb
Bjarte Wiberg har vore medlem i BJGK sidan rundt år 2000. Første november byrjar han i 80 % stilling som dagleg leiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. okt. 2019 21:10

I juni markerte Bjørnefjorden Golfklubb 25-årsjubileet sitt. Samtidig fortalte dei om jakta på ny drftsleiar.

Per-Ove Bahus Lysvold var greenkeeper frå 2010 og overtok som driftsleiar etter at Eivind Hodneland i 2015 sa seg opp som dagleg leiar. I fjor fekk han avlasting då klubben tilsette greenkeeper Mark Allan Mascolo, som hadde 14 år bak seg som greenkeeper i Losby Golfklubb utanfor Lørenskog.

I sommar gav Lysvold seg for å byrja i ny jobb i Bergen. Eli-Karin Wiberg trør til sida som styreleiar då mannen hennar no fekk jobben som ny dagleg leiar.

– Ho var naturlegvis ikkje del av tilsetjingsprosessen heller. Det var Ottar Blokhus, Helge Heggland og Marit Nygård som intervjua meg, fortel Bjarte, glad og nøgd med å få jobb i heimbygda igjen.

– Eg har hatt ti fine år i Kalandseid il. No ser eg fram til nye utfordringar i golfklubben eg lenge har vore medlem i.

Han var leiar i Os Sentrumsforening til 2007, hadde halvanna år som dagleg leiar for Os Fotball før han i 2009 blei den første tilsette i Kalandseid il. Der har Wiberg blant anna vunne Norsk Tipping sin grasrotpris for nyskapande folkehelsearbeid.

Fekk heile familien med

Bjarte byrja å spela golf rundt år 2000. Seinare har kona og døtrene blitt med, yngstedotter Tora speler si siste turnering som junior i sesongavsluttinga i Kragerø til helga.

– Å kunna spela fleire generasjonar saman, er noko av det eg liker med golf. Anten vi tar ein runde ein kveld eller ein søndag, eller eit avbrekk når vi er på ferie, så er det ein idrett alle kan delta i saman, uavhengig av nivå.

– Det går nok mange talent der ute som aldri har prøvd golf, men som verkeleg kan oppleva meistring om dei gir det ein sjanse. Sjølv har eg verken eit spesielt talent eller ambisjonar om å spela meg så langt ned i handikap, eg liker rett og slett berre spelet, det sosiale om omgjevnadane du finn på ulike golfbanar.

Vil skapa folkeliv på golfbanen

Wiberg har sin siste dag for Kalandseidet idrettslag 17. oktober. Så tar han og kona ein tur til Gran Canaria, blant anna for å spela golf, før han startar i ny jobb, i 80 prosent stilling, i Bjørnefjorden Golfklubb 1. november.

På Hauge skal han ikkje finpussa formen, men jobba med både dagleg drift, sponsormarknaden og rekruttering.

– Eg tar med meg fleire erfaringar frå både sentrumsforeining og, ikkje minst, Kalandseid, til golfklubben.

Fokuset på Kalandseid var folkehelse, alle frå 0 til 100 skulle ha utbyte av å vera medlem. Turstiar blei rusta opp, det blei starta fleire seniortiltak og samarbeid med barnehagar, skule, helsesøster og SFO.

Tiltaket «Bredt og Godt», der også dei som ikkje var medlem av idrettslag fekk delta i aktivitetar etter skuletid, gjorde at både Laurdagsmagasinet på TV2 og Helsekomiteen på Stortinget kom på besøk. Prisen frå Norsk Tipping fekk dei på Idrettsgallaen på Hamar.

– For idrettslaget betydde det at vi klarte å få til ein idrettsskule. For skulen fekk dei idrett og friluftsaktivitet inn i SFO, og for helsesøster gav prosjektet ei moglegheit til å integrera framandkulturelle born og born med handicap i fysisk aktivitet, sa Bjarte til Midtsiden i 2012.

I samarbeid med fire andre klubbar i området, Fana, Gneist, Smørås og Bjarg, starta dei ei felles foreining. Idrett Bergen Sør driv folkehelsetiltak mot både unge og gamle, og gjekk i upløydd mark då dei forma det som i dag blir kalla AktiVane, der ungdomsskuleelevar til aktivitetsleiarkurs for å bidra på aktivitets-SFO.

– I Os vil eg i tett dialog med både Os og seinare Bjørnefjorden kommune, og skulane. Ved sidan av individuelle besøk ønskjer vi å nå ut til fleire grupper som kan få prøva golf eller ha golf som fast aktivitet, seier Bjarte Wiberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.