Bjoarvik på flyttefot

– Eg har saumfart heile Os, dette er vi nøgd med, seier Oddgeir Bjoarvik, som no får god boltreplass både innandørs og utandørs.

Bjoarvik har fpr lengst vakse ut av lokalet i Jordmorsvingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. nov. 2013 09:49

I sommar fortalte Oddgeir Bjoarvik at han såg etter nye lokaler til verksemda si, Bjoarvik Bil og Caravan.

Måndag flyttar han bedrifta frå Jordmorsvingen i Os sentrum til Lien-fabrikken i Hegglandsdalen.

– Eg har sett etter lokale i heile Os, også utanfor Os, og hatt eigedomen til Nils Lien i kikkerten lenge, seier Bjoarvik.

Den nedlagde dør- og vindaugefabrikken skal frå neste veke husa campingvogner, bubilar og Tysse-tilhengarar.

God plass inne og ute

Oddgeir starta med sal av bruktbil, mesteparten import av nyare bruktbil, i Industrivegen i 2001.

I 2008 flytta han til Jordmorsvingen, i 2010 utvida han med bubilar og camping. Seinare har utvalet blitt utvida til også å omfatta Tysse-tilhengarar.

Utleige av bubilar er også del av butikken.

– Dette er plasskrevjande varer og vi har lenge hatt ønskje om også å ha eit utstilling innandørs.

No får Bjoarvik 500 kvadratmeter under tak, som gjev god plass til minst 10 bubilar eller vogner inne, i tillegg til 700 kvadratmeter med utstilling og kundeparkering ute.

Håper på vekst

Montering av utstyr, service og reparasjonar høyrer med når du driv sal av denne typen varer.

Også dette krev plass.

– Vi teikna leigekontrakt i starten av september, men ville venta til lågsesong med å flytta.

– No håper og trur vi at lågsesongen skal bli endå betre, når kundane kan gå under tak og sjå på utvalet. Vi treng litt vekst i omsetnad og det reknar vi med å få når vi får ein større og betre butikk.

Bjoarvik seier han ikkje har trappa ned etter at høgsesongen var over.

– Mange i vår bransje justerer opningstidene ned, vi kjører på vidare både ettermiddagar og laurdagar, og er i drift også medan vi flyttar.

Ingen av dei andre verksemdene i Jordmorsvingen, som Os Auto, Bjoarvik Trafikkskole og BilXtra, blir med på flyttelasset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.